Ingvald Jaklin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingvald Jaklin
Fødd 22. februar 1896
Lyngen
Død

13. desember 1966

Yrke politikar, redaktør

Ingvald Johannes Jaklin (22. februar 189612. desember 1966) var ein norsk pressemann og politikar frå Lyngen. Han representerte ArbeidarpartietStortinget i perioden 1950-61.

Jaklin var son til ein fiskar, og var sjølv fiskar frå 1910 til 1918. Frå 1919 arbeidde han som journalist og forretningsførar i avisa Nordlys, til han i 1925 tok til på ei førtiårig karriere som redaktør i avisa. Han var redaktør i Nordlys i tida 1924-40 og på ny 1945-65. Under verdskrigen var han 1944-45 utskriven kaptein/informasjonsoffiser i det norske reservepolitiet i Sverige.

Jaklin hadde lokale verv i AUF og Arbeidarpartiet i mellomkrigstida. Han var medlem av Tromsø bystyre og formannskap frå 1926 til 1963, ordførar 1946-53. Frå 1922 til 1946 var han også medlem av skulestyret i Tromsø.

Perioden 1945-49 var Jaklin vararepresentant til Stortinget frå kjøpstadene i Nordland, Troms og Finnmark. Han vart så vald til fast representant 1950-53 frå same bykrinsen, og seinare attvald to gongar, då frå valkrinsen Troms fylke. Dei to fyrste fireårsbolkane som tingmann sat han i Finans- og tollkomiteen og dei siste fire åra i Kommunalkomiteen, då han også var medlem av Lagtinget. Han var med i Arbeidarpartiet sitt landsstyre frå 1945 til 1953, og formann i Nord-Troms Arbeidarparti 1952-57.

Jaklin hadde ei rad styreverv. Han var formann i Tromsø lysverk 1932-40 og 1945-48, og styreformann i A/S Bardufoss kraftlag 1947-1966 og åra 1953-66 styremedlem i Noregs Bank si avdeling i Tromsø. Og etter verdskrigen vart han utnemnd til medlem i Forsvarskommisjonen av 1946.

I Tromsø er Ingvald Jaklins plass kalla opp etter han, og i 1999 vart ei byste av han avduka i same byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]