Ingvald Møllerstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingvald Møllerstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. april 1893
Nannestad kommune
Død

28. april 1965 (72 år)
Oslo

Yrke fotograf

Ingvald Møllerstad (19. april 189328. april 1965) var den første fast tilsette pressefotografen i Noreg.[treng kjelde]

Opphavleg heitte han Ingvald Johansen og kom frå Møllerstad gard i Nannestad, som han tok namnet etter. Møllerstad byrja i 1921 å fotografera for Aftenposten og vart fast tilsett i 1934 som einaste pressefotograf i avisa. Han vart i Aftenposten til han gjekk av for aldersgrensa i 1963.

I løpet av si tid i Aftenposten var Møllerstadtilstades og fotograferte ei rekkje hendingar som er vorte ein del av norsk historie. Mellom anna fotograferte han frå fly luftskipet «Norge» som var under vegs til Oslo i 1926, og vart send til Tafjord for å fotografera frå rasulukka der. Møllerstad fotograferte den tyske innmarsjen i Oslo 9. april og han var tilstades over alt under mai-dagene i 1945 og festa jubelscenene til film.

Han vart tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull (1963).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]