Ingvald Tøndel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingvald Tøndel

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. januar 1887
Lensvik
Død

28. september 1952 (65 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Kristeleg Folkeparti
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Ole Nilsen Tøndel

Ingvald Tøndel (7. januar 188728. september 1952) var ein norsk bonde, emissær og ordførar i Hemne i Sør-Trøndelag. Han representerte Kristeleg FolkepartiStortinget 1945-52.

Tøndel var fødd og oppvaksen i Lensvik, i ein familie av haugianarar. Far hans, gardbrukar Ole Nilsen Tøndel, var ordførar i Lensvik. Sjølv utdanna han seg ved Fredly Folkehøgskole 1904-05 og Hylla hagebruksskole 1907. Frå 1913 til 1950 dreiv han eit gardsbruk i Hemne og var elles deltidstilsett i Trøndelag indremisjonskrins frå 1923.

Tøndel var medlem av Hemne heradsstyre 1922-34, ordførar 1924-34. Han representerte då Bondepartiet. Etter Kristeleg Folkeparti byrja markere seg i norsk politikk, melde han seg inn i det partiet. Gjennom stortingsvalet 1945 vart han den aller fyrste Kristeleg Folkeparti-representanten frå Trøndelag på Stortinget, attvald med større margin i 1949 På Stortinget var han medlem 1945-49 i Skog- og vassdragskomiteen og 1950-52 i Samferdslekomiteen. Tøndel døydde 15 månader før andre tingperioden var over, Johannes Wigum rykte då inn som fast representant.

Elles var Tøndel medlem av Nidaros bispedømmeråd 1941-49, varaordførar 1947-51 i Hemne og dessutan fleire andre verv i det offentlege og i religiøse organ og organisasjonar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]