Ingvar Halsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingvar Halsnes
Fødd 21. september 1957
Død

2. april 2007

Ingvar Halsnes (21. september 19572. april 2007) var ein norsk bonde og gardsvert på Leikanger i Sogn. Halsnes kom opphavleg frå Molde, og overtok saman med kona Marit den såkalla Eggjagarden i klyngjetunet Henja (Henjum) på Leikanger i 1987.

Saman med kona Marit Henjum Halsnes, dotter til Tambur-Ola, starta han i 1996 opp gardsrestauranten Henjatunet i ei sperrestove frå 1765 på garden. Ekteparet har lagt vekt på å utvkla kvalitetsprodukt basert på råstoff frå garden, og i restauranten vert det mellom anna servert heimelaga sider og andre fruktprodukt. I 2005 fekk dei Sogn og Fjordane Naturvernforbund sin naturvernpris[1] for arbeidet sitt med lokal matproduksjon og -foredling.

Halsnes var aktiv med å fremja gardsturisme som ei ny attåtnæring for bønder i Noreg generelt og på Vestlandet spesielt og han sat i ein periode i styret for Norsk Bygdeturisme og Gardsmat.

Halsnes var elles aktiv i det lokale kulturlivet mellom anna som ein av fleire frontfigurar i Leikanger Mannskor. Han var òg med i gruppa Dei raude prinsane.

Då Halsnes i 2004 vart kreftsjuk vekte det nasjonal oppsikt[2] at bygdefolket gjekk saman om å betala ein dyr uregistrert medisin som han i utgangspunktet ikkje fekk dekt av Folketrygda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]