Hopp til innhald

Ingvild Holvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingvild Holvik
NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd2. oktober 1976 (50 år)
i Bergen
Yrkeomsetjar, skribent
Periode2010-
PrisarBlixprisen
DebutLykkefeltet

Ingvild Holvik (fødd 2. oktober 1976) er ein norsk forfattar og omsetjar.

Ingvild Holvik er fødd i Bergen, men bur no i Tromsø.

Ho har gått forfattarstudiet ved Universitetet i Tromsø, og arbeider som konsulent i Norsk Forfattersentrum Nord-Noreg.

Ho vart i 2009 nominert til Brageprisen for omsetjinga frå ungarsk av romanen Stillheten av Attila Bartis. I august 2010 debuterte ho med den skjønnlitterære romanen Lykkefeltet. Denne fekk ho Blixprisen for i 2011. Ho vart tildelt Havmannprisen 2024 for boka Reiret (arbeidstittel)

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Lykkefeltet – roman, Samlaget 2010 (nynorsk)
  • Premien for alt – roman, Samlaget 2017 (nynorsk)
  • Ho er fri – roman, Samlaget 2020 (nynorsk)
  • Reiret (arbeidstittel – roman, Samlaget 2024 (nynorsk)

Omsetjingar

[endre | endre wikiteksten]

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ↑ «Blixprisen 2011 til forfattar Ingvild Holvik». Det norske Samlaget. 14. november 2011.
  2. ↑ «Ingvild Holvik får Havmannprisen». ranano.no. 29. april 2025.