Ingvild Vaggen Malvik
| Ingvild Vaggen Malvik | |||
| Fødd | 3. april 1971 (55 år) Trondheim | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti (2000; 2010) | ||
| Yrke | politikar, statsvitar | ||
| Utdanna ved | Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | ||
| Alle verv |
| ||
Ingvild Vaggen Malvik (fødd 3. april 1971) er ein norsk politiker. Ho vart vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag for Sosialistisk Venstreparti i 2001 og ho var vararepresentant i perioden 2005–2007. Også då møtte ho fast, sidan Øystein Djupedal var medlem av regjeringa.
Ingvild Vaggen Malvik vart fødd i Trondheim, som dotter til sjukepleiar Aasa Vaggen (f. 1930) og dreiar Henry Normann Malvik (f. 1933). Ho utdanna seg sidan til cand.polit. i statsvitskap frå NTNU (2000), og har arbeidd som utreiar for Framtiden i våre hender, vitskapeleg assistent og forskar ved NTNU.
Ho var varamedlem av Malvik kommunestyre 1991-1995 (møtte fast 1994-95) for Arbeidarpartiet og medlem av Sør-Trøndelag fylkesting 1995-1999. Ho var leiar av Sør-Trøndelag AUF 1991-1993 og styreleiar i Framtiden i våre hender 1998-01.
Ingvild Vaggen Malvik arbeider som seniorrådgivar i NVE.
Stortingets presidentskap
[endre | endre wikiteksten]- 2001–2005 sekretær i Lagtinget.
Stortingskomitéar
[endre | endre wikiteksten]- 2005–2007 medlem i Næringskomiteen
- 2001–2005 medlem i Energi- og miljøkomiteen
- 2001–2005 varamedlem i Valkomiteen
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ingvild Vaggen Malvik» frå Wikipedia på bokmål, den 4. oktober 2012.