Hopp til innhald

Ingvill Måkestad Bovim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ingvill Måkestad)
Ingvill Måkestad Bovim


Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. august 1981 (43 år)
Odda kommune
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2012

Ingvill Måkestad Bovim (fødd 7. august 1981) er ein norsk friidrettsutøvar frå Odda.

Ingvill Måkestad representerte fyrst IL Korlevoll i Odda fram til 2007 då ho meldte overgang til Idrettsklubben Tjalve i Oslo. I 2010 bytte ho lag til IL Gular i Bergen. Ho er utdanna ernæringsfysiolog, og er gift med Frode Bovim.

Ingvill Måkestad Bovim har noregsrekorden for 800 m for kvinner. Den blei sett 1. september 2010 i Zagreb, og er på 1.59,82. I juli 2010 sette ho ny personleg rekord på 1500 m i Paris.[1] Ho sprang på 4.04,22, og det gjer henne til den nest-raskaste norske 1500 m-løparen, bak Grete Waitz. Ho deltok også på EM i friidrett 2010 i Barcelona den sommaren.

I november 2010 vart ho tildelt prisen som årets kvinnelege utøvar av skipinga Friidrettens Venner.[2] Ingvill Måkestad Bovim har også gjeve ut boka Spis Smart – en kokebok for unge idrettsutøvere.[3]

Ingvill Måkestad Bovim vart vald ut til OL-troppen til sommar-OL 2012 i London. Ho var i svært god form, men måtte trekkja seg den 5. august på grunn av ein alvorleg akillesskade.[4]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]