Inishmore

Koordinatar: 53°07′25″N 9°43′39″W / 53.12361°N 9.72750°W / 53.12361; -9.72750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inishmore
Lokalt namn Inis Mór
East Beach på Inishmore
East Beach på Inishmore
Geografi
Stad Galway Bay
Koordinatar 53°07′25″N 9°43′39″W / 53.12361°N 9.72750°W / 53.12361; -9.72750
Øygruppe Aranøyane

Areal 30 km² km²

Administrasjon
Land Irland
Grevskap Galway
Største busetnad Cill Rónáin (270 innb.)

Demografi
Folketal 824 (2006)

Inishmore (irsk Inis Mór eller Árainn Mhór) er ei øy i Galway Bay i Republikken Irland og er den største av dei tre Aranøyane med eit areal på 30 km². Fram til 1900-talet vart øya kalla Aranmore eller Árainn Mhór («Store Aran»), men sidan det alt eksisterte ei øy med namnet Arranmore i County Donegal endra engelske landmålarar på midten av 1800-talet namnet på øya for å unngå forvirring.

Øya er kjend for sin sterke irske kultur, der øybuarane har irsk som morsmål, og for dei mange førkristne og gamle kristne stadane, som Dún Aengus, «det flottaste barbariske monumentet i Europa»[1]

Inishmore-krossen

Inis Mór er ein stor turistdestinasjon. Private minibussar, hestevogner og syklar er dei beste måtane å kome seg rundt til dei mange landemerka om sommaren. Den største landsbyen på øya er Cill Rónáin.

Inishmore var fødestaden til forfattaren Liam O'Flaherty og barndommen hans går mykje igjen i forfattarskapet hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. George Petrie, arkivert frå originalen 2. mars 2012, henta 15. oktober 2007 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Inishmore