Inishowen

Koordinatar: 55°12′26″N 7°17′55″W / 55.20722°N 7.29861°W / 55.20722; -7.29861
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inishowen
halvøy
Land  Irland
Kart
Inishowen
55°12′26″N 7°17′55″W / 55.207222222222°N 7.2986111111111°W / 55.207222222222; -7.2986111111111
Wikimedia Commons: Inishowen

Inishowen (irsk Inis Eoghain) er ei halvøy i County Donegal i Republikken Irland og den største halvøya på Irland.

Byar på Inishowen[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og landsbyanr på Inishowen er:

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Grianán av Aileach er eit steinfort på Inishowen.

Inishowen er ei halvøy med eit areal på 884,33 km² og ligg heilt nord i Irland. Ho grenser i nord til Atlanterhavet, i aust til Lough Foyle og i vest til Lough Swilly. I sør heng ho saman med resten av County Donegal og området kalla Tír Conaill. Historisk var området Derry, vest for Foyle, òg ein del av Inishowen. Dei fleste innbyggjarane på Inishowen bur langs kysten, medan dei indre område består av låge fjell og myrområde. Det høgaste fjellet er Sliabh Sneacht (som er irsk og tyder 'Snøfjell') med ei høgd på 619 meter over havet. Andre store åsar ligg på Malin Head-halvøya i tillegg til Urris-åsane vest på Inishowen. Nærleiken til havet gjer at temperaturskilnadane mellom vinter og sommar ikkje er like stor her som i resten av Irland. Om sommaren er temperaturane litt lågare enn gjennomsnittet for heile Irland og om vinteren litt varmare.

Inishowen har fleire hamner og nokre av dei vert nytta til kommerisielt fiske, inkludert Greencastle, Bunagee og Leenan. I visse tider på året går det ferjesamband over Foyle mellom Greencastle og Magilligan i Derry, medan ei anna ferje kryssa Swilly mellom Buncrana og Rathmullan. Landsbyen Fahan har ei privat båthamn.

Det ligg fleire småøyar utanfor kysten av Inishowen. Mest kjend av desse er Inishtrahull og Glashedy, men ingen av desse er busett, sjølv om førstnemnde var busett fram til tidleg på 1900-talet. Øya Inch i Lough Swilly er teknisk sett ikkje ei øy lenger, sidan ei vegfylling knyt ho saman til fastlandet ved Tooban sør for Fahan.

Lough Swilly er ein fjord vest for halvøya, på engelsk kalla sealough, og var stategisk viktig for Det britiske imperiet som ei djupvasshamn. Han er òg kjend som staden der flukten til jarlane fann stad. Lough Foyle er viktig som inngang til elva Foyle og byen Derry, men er mykje grunnare enn Lough Swilly, og det vert kravd los for å rettleie skip til og frå hamna i Derry.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før Donegal vart oppretta var området her kalla Inis Eoghain (Eoghanøya) etter Eoghan, son til Niall Noigíallach, ein overkonge av Irland. Inis Eoghain var òg heimstaden til Mac Lochlainn-klanen (etterkomarane etter stamma til Eoghan), ein klan som voks så stor at dei til slutt vart omleira av kongen av Limerick, som kon nordover til Aileach. Han gav ordre om å øydeleggje fortet Aileach, og at alle soldatane skulle bere steinen bort frå fortet slik at det ikkje vart bygd opp att. Seinare, etter at Mac Lochlainn-klanen forsvann, reiv Ó Dochartaigh-klanen til seg makta på Inis Eoghain då dei mista sitt eige heimland i Laggandalen i Tír Conaill.

Inishowen har mange historiske monument som går tilbake til dei tidlegaste busetnadane, inkludert ruinane av mange borger og fortet ved Grianán Aileach.

Av borgruinane på Inishowen finn ein Carrickabraghey på Isle of Doagh, Normannarborgar ved Greencastle, Inch Castle, Buncrana Castle og Elagh castle.

Det gamle fortet Grianán Ailigh ved Burt var ein gong sete for overkongane av Irland, inkluder både overkongen av Mac Lochlainn-klanen, som hadde makta i Inis Eoghain i mange hundreår. Det vart restaurert på 1800-talet, men har forfall dei siste åra slik at sørveggen delvis har kollapsa.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Etter den siste folketeljinga i Irland i 2006 hadde Inishowen 31 802 innbyggjarar, ein vekst på 8,4% frå 1996.[1] Buncrana er den største byen på Inishowen med 3 394 innbyggjarar i 2006.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Census 2006 Preliminary Report». Central Statistics Office Ireland. 2006. Henta 22. mars 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

55°12′26″N 7°17′55″W / 55.20722°N 7.29861°W / 55.20722; -7.29861