Inkaterne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inkaterne
Bilete frå Lima, Peru Foto: Cristóbal Alvarado Minic
Bilete frå Lima, Peru
Foto: Cristóbal Alvarado Minic
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av inkaterne
Utbreiinga av inkaterne
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Måsefamilien Laridae
Underfamilie: Sterninae
Slekt: Larosterna
Art: Inkaterne L. inca
Vitskapleg namn
Larosterna inca

Inkaterne (Larosterna inca) er ein fugl i måsefamilien, Laridae, som lever langs kysten av Chile og Peru. Ho er einaste medlemmen av slekta Larosterna.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Denne ternearten har ein utsjånad som skil seg frå alle andre i måsefamilien, særtrekka som identifiserer arten er skiftergrå fjørdrakt med noko mørkare hovud, kvit mustasje, og sterkt raudfarga nebb og føter. Bakkanten av vengene er kvite. Inkaterna er knytt til Perustraumen, hekkar utelukkande innaskjers på kysten av Peru og Chile. Arten var først avgrensa til Peru, spreidde seg sørover i Chile og er vanleg sør til Valparaíso. Terna kan førekomme sjeldan og sparsamt på sørvestkysten av Ecuador, og har vore ein særs sporadisk streiffugl nord til Costa Rica. Inkaterna er elles ein standfugl.

Inkaterna er ei stor terne, ca. 40 cm lang med kroppsvekt rundt 190 gram. Kjønna er like.

Føda er primært småfisk, som ansjosarten som lever langs kysten. Dei kan beite i store flokkar rundt fiskebåtar. Dei kan plukke føde direkte frå overflata, men òg stupdukke. Andre matkjelder er avfall etter sjøløver og andre predatorar. Lætet er eit katteliknande 'mju'.

Hekkehabitata er bratte bergskrentar med avsatsar, opne hòler, sprekker eller overheng. Dei vil ofte hekke saman med humboldtdukkpetrellar og raudfotskarvar. Reirplassen kan òg ligge i menneskegjorte strukturar der dei finn dekning.

BirdLife International klassifiserer arten som nær truga, jamvel om populasjonen har vore estimert til over 150 000.[1] Bestanden er minkande, og det har vore sett saman med guanoindustrien, dessutan svingar ternebestanden med dei sterkaste periodiske El Niño-hendingane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gochfeld, M. & Burger, J. (2016) Inca Tern (Larosterna inca) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 27. oktober 2016
Referansar
  1. BirdLife International (2016) Species factsheet: Larosterna inca. Henta frå http://www.birdlife.org den 27. oktober 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Inkaterne