Banehelling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Inklinasjon)
Inklinasjon i (grøn) og andre baneparametrar.

Banehelling eller inklinasjon er ein av dei seks baneparameterane som viser forma og orienteringa til ei rotasjonsbane (keplerbane), og er vinkelavstanden til baneplanet frå referanseplanet (ofte ekvator til planeten eller ekliptikken) gitt i grader.

Det å inklinere tyder å bøye seg eller helle og danna ein spiss vinkel mot eit horisontalt plan.[1]

Døme på inklinasjonsvinklar mellom ein satellitt og jorda:

  • ein inklinasjon på 0 grader betyr at ein satellitt går i bane rundt ein ekvatorplanet til jorda, med same fartsretning som rotasjonsretninga til jorda.
  • ein inklinasjon på 90 grader vil seie at satellitten går i polar bane, satellitten går altså rett over nord- og sørpolen til jorda.
  • ein inklinasjon på 180 grader vil seie at satellitten går i bane rundt ekvatorplanet til jorda, men i motsett retning av jordrotasjonen.

Inklinasjon i magnetisme[endre | endre wikiteksten]

Innan magnetisme er inklinasjonen vinkelen mellom den jordmagnetiske feltvektoren og horisontalplanet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «inklinere». Store norske leksikon. 28.02.2013. 
  2. «inklinasjon – tilbøyelighet». Store norske leksikon. 28.02.2013.