Kommensurabilitet i matematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Inkommensurabel)

Kommensurabilitet er eit omgrep i matematikken. To reelle tal a og b, forskjellige frå null, vert sagt å vere kommensurable viss og berre viss a/b er eit rasjonalt tal. Det eksisterer eit tal c som er heiltalsdeleleg med både a og b.

Inkommensurabel vert særleg nytta i geometrien for einsarta, målbare storleikar, som til dømes lengder, flateinnhald osv. ikkje har noko felles mål. Allereie pytagorearane kjende til eksistensen av inkommensurable storleikar, i det dei beviste at kvadratet til ei side og ein diagonal er inkommensurable.

Omgrepa kommensurable og inkommensurable storleikar vert nytta mindre enn før, i det ein føretrekker ein meir aritmetisk uttrykksmåte, nemleg at måltala har eit høvesvist rasjonalt eller irrasjonalt forhold.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]