Inmarsat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Inmarsat

Sídlo společnosti v Londýně Sjå dette på Wikidata
Skipa1979
HovudkontorLondon
LandStorbritannia
Salsinntekter409 300 000 USA-dollar[1]
Omsetnad409 300 000 USA-dollar[1]
Resultat341 100 000 USA-dollar[1]
Nettstadhttps://www.inmarsat.com/
Inmarsat I-3-satellitt

Inmarsat plc er eit britisk kommunikasjonsselskap med hovudkvarter i London. Det leverer telefoni- og datatenester via mobile terminalar som kommuniserer med bakkestasjonar gjennom elleve geostasjonære kommunikasjonssatellittar.

Selskapet har bakgrunnen sin i International Maritime Satellite Organization, ein internasjonal ideell organisasjon grunnlagt i 1979. Denne organisasjonen vart i 1999 delt i to, med den kommersielle verksemda lagt til Inmarsat plc og den ideelle verksemda lagt til den mellomstatlege organisasjonen International Mobile Satellite Organization[2]

Inmarsat er børsnotertLondon Stock Exchange.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Inmarsat vart stifta i 1979 som ein ideell internasjonal organisasjon som sprang ut av International Maritime Organization (IMO) under SN[3] Hovudføremålet var å etablera pålitelege kommunikasjonstenester til skipsfarten på global basis for å auka tryggleiken til sjøs. Inmarsat har sidan utvida sina tenester til òg å dekka luftfart og landbasert bruk.[4] I 2005 vart firmaet omgjort til aksjeselskap og sett i handel på London Stock Exchange.

Oppgåver og produkt[endre | endre wikiteksten]

Satellittelefon til Inmarsat M4-nettet.

Det opphavlege utgangspunktet til Inmarsat i IMO er stadig synleg i samband med den rolla selskapet har i internasjonale sjøtryggleiksavtaler. Det er m.a. krav til mange fartøy at dei skal ha bestemde typar Inmarsatutstyr om bord til naud- og tryggleikskommunikasjon, og Inmarsats infrastruktur spelar ei framtredande rolle ved handtering av naudssituasjonar. Desse krava og operasjonelle prinsipp er fastlagt i GMDSS-systemet som vart vedteke i 1988 ved IMO-konvensjonen SOLAS (Safety Of Life At Sea).

Utover dette vert det no òg tilbode kommunikasjonsformer som tale, telex, telefaks, ISDN og datakommunikasjon ved mange ulike snøggleikar. Det seinaste skotet på stammen er etableringa av ei ny BGAN-teneste som fullt utbygd kjem til å gje global breibandkommunikasjon.

Satellittane til Inmarsat er geostasjonære og er difor alle omtrent over ekvator. Dekninga deira går til omkring 78°N og 78°S; polarområda har ikkje dekning då dei ikkje kan nåast frå ein geostasjonær posisjon.

Inmarsatprodukta vert normalt delt inn i tre segment som stiller ulike krav både til terminalane og til nettet:

  • Landmobilt utstyr, har som oftast antenner som skal stillast på jorda og peilast mot den satellitten ein ynskjer å bruka. Der finst òg variantar som er optimerte til å bruka på køyretøy i rørsle.
  • Maritimt utstyr, som ut over krav om vasstettleik og lignande, òg normalt krev antennesystem som automatisk kan spora satellitten under rørslene til skipet i vatnet. Inmarsat-C er eit unntak sidan det ikkje brukar retningsbestemte antenner.
  • Aeronautisk utstyr, som er tilpassa dei store tryggleikskrava i luftfarten og som er berekna til å verka ved høg snøggleik der dopplereffekten spelar inn på signaltransmisjonen.

System[endre | endre wikiteksten]

Inmarsat har oppretta ulike system med ulike eigenskapar :

  • Inmarsat-Aero: Gjev tale, fax og datasamband til fly (aeronautisk nytte). Det finst nokre undergrupper som brukar ulike antennestorleikar og som gjev ulike dataratar. Ut over denne tenesta finst det òg aeronautiske variantar av Inmarsat-C og mini-M/M4.
  • Inmarsat-B: Gir tale, telex og fax/data opp til 9,6 kbit/s. Det er òg høve for høgsnøggleiksdata på 56, 64 eller 128 kbit/s.
  • Inmarsat-C: Dette er eit lågsnøggleikssystem som tilbyr ulike typar datatransmisjon med opp til 600 bitar/s. Den låge datafarten gjer eit kompakt system mogeleg og antenne som ikkje treng å peika mot satellitten. Inmarsat-C systemet vert brukt til e-mail, telex, posisjonsrapportering og liknande. Dessutan er systemet ein vesentleg del av GMDSS.
  • Inmarsat-M: Eit landmobilt system som tilbyr 4,8 kbit/s tale og dessutan 2,4 kbit/s fax/data.
  • Inmarsat-Mini-M: Tilbyr 4,8 kbit/s tale og dessutan 2,4 kbit/s fax/data slik som Inmarsat-M, men er mindre og har ikkje global dekning.
  • Inmarsat-M4: Tilbyr dei same tenestene som M og mini-M, men i tilleggISDN-liknande dataoppkoplingar på 64 kbit/s og IP pakkekopla data (Mobile Packet Data Service MPDS). Dette systemet vert òg kalla GAN (Global Area Network).
  • Inmarsat-Fleet: Dette er ein familie av maritime system som består av Fleet77, 55 og 33. Talet for kvart system er avleidd av diameteren til antenna i centimeter. Dei tilbyr stort sett dei same tenestene som M4. Dei tre ulike variantane har ulike høve i ulike dekningsområde med Fleet77 som den kraftigaste som tilbyr 128kbit/s ISDN.
  • Inmarsat-D/D+: Inmarsat sitt bod på ein personsøkar. Han har ein ganske låg bitrate og var opphavleg berre til einvegskommunikasjon (til mobilen). Seinare versjonar (D+) tilbyr tovegskommunikasjon.
  • Inmarsat-BGAN: BGAN er ei forkorting for Broadband Global Area Network og er det nyaste systemet, introdusert med oppsending av Inmarsat sine I-4 satellittar. Systemet tilbyr ei varierande rekkje tenester med tale (ned til 4,8 kbit/s) og IP-trafikk (opp til 432 kbit/s).

Nedlagde system[endre | endre wikiteksten]

  • Inmarsat-RBGAN: RBGAN (Regional BGAN) er føregangaren til BGAN og tilbyr IP-trafikk opp til 144 kbit/sjå til område i Europa, Asia, Afrika og Australia. Nedlagd i 2008.
  • Inmarsat-A: Høve til tale, telex og datakommunikation opp til 56 eller 64 kbit/s. Dette systemet var analogt og vart nedlagt i 2007.
  • Inmarsat-E: Eit maritimt naudsystem som er avvikla.

Satellittar[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga vart den leigde kapasiteten til kommunikasjonstrafikken til Inmarsat på andre sine satellittar, men frå tidleg i 1990-åra byrja oppskytinga av eigne satellittar.

Inmarsat I-2[endre | endre wikiteksten]

Dette er ei gruppe på fire satellittar. Dei vert i dag brukt til utleigekapasitet og som reserve. Kvar satellitt veg 690 kg (utan brennstoff) og har ein sendeeffekt på 1200W

Inmarsat I-3[endre | endre wikiteksten]

Denne gruppa på fem satellittar har ut over global basisdekning òg høve til å etablera eit meir fleksibelt dekningsbilete der område med mykje trafikk kan få auka kapasitet (såkalte spot-beams). Dei overfører òg hjelpesignal til GPS-systemet. Ein stor del av I-3-funksjonane til satellittane er i ferd med å verta overflytta til dei nye I-4. Kvar satellitt veg 2 068 kg (sedd bort frå F2 som har eit anna fremdriftssystem) og har ein sendeeffekt på 2 800 W.

  • Inmarsat I-3 F1: Oppsendt 3. april 1996 frå Cape Canaveral. Plassert over Indiahavet (omkring 63°E)
  • Inmarsat I-3 F2: Oppsendt 6. oktober 1996 frå Bajkonur kosmodrom. Plassert over Atlanterhavet (omkring 15°E)
  • Inmarsat I-3 F3: Oppsendt 18. desember 1996 frå Cape Canaveral. Plassert over Stillehavet (omkring 179°E)
  • Inmarsat I-3 F4: Oppsendt 3. juni 1997 frå Centre spatial guyanais. Plassert over Indiahavet (omkring 110°W)
  • Inmarsat I-3 F5: Oppsendt 4. februar 1998 frå Centre spatial guyanais. Plassert over Afrika (omkring 24°E)

Inmarsat I-4[endre | endre wikiteksten]

Desse satellittane er seinaste generasjon og dei hittil største, kraftigaste og mest avanserte av Inmarsat-satellittane. Dei kan omstillast til mange ulike dekningsmønster og har kvar ein transmissjnskapasitet som overstig alle I-3-satellittane tilsaman. Dei skal opna høve for global breibandkommunikasjon når dei er fullt i drift. Dei veg kvar omkring 5 900 kg.

  • Inmarsat I-4 F1: Oppsendt 11. mars 2005 frå Cape Canaveral. Plassert over Indiahavet (omkring 63°E)
  • Inmarsat I-4 F2: Oppsendt 8. november 2005 frå havplattform i Stillehavet. Plassert over Atlanterhavet (omkring 53°W)
  • Inmarsat I-4 F3: Oppsendt 19. august 2008 frå Bajkonur kosmodrom i Kasakhstan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 http://www.inmarsat.com/wp-content/uploads/2015/03/Inmarsat_plc_Preliminary_Results_2014.pdf; vitjingsdato: 28. mars 2015.
  2. Jonathan Higgins page 207
  3. Jonathan Higgins, "Satellite Newsgathering", Focal Press, 2007, page 204 ISBN 978-0-240-51973-9
  4. Jonathan Higgins page 205

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Inmarsat