Innerfolda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Innerfolda eller Indre Foldafjorden er den inste fjordarmen av Foldafjorden i Nærøy og Høylandet kommunar i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 45 km nordaustover frå Kolvereid, og seinare søraustover til Kongsmoen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp via Korsnessundet mellom Korsneset i vest og Finnestranda i aust. Fjorden går først nordaustover med spreidde busetnader på nordsida, mellom anna grenda Krelingan. Litt lenger inn i fjorden ligg Årforbukta på nordsida og grenda Årfora. Litt lenger nordaust ligg grenda Leirvika.

Ved tettstaden Foldereid svingar fjorden søraustover. Like søraust for Foldereid kryssar Fylkesveg 17 fjorden over den om lag 300 meter lange Follabrua. Frå her går fjorden vidare søraustover til Kongsmoen. Riksveg følgjer heile denne delen av fjorden på sørsida.

Fv521 går på nordsida av fjorden frå Foldereid og austover. Frå Foldereid går Riksveg 770 langs nordsida av fjorden vestover til Kolvereid.

Koordinatar: 64°56′29.684″N 11°59′24.734″E