Innfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For bygda med same namn, sjå bygda Innfjorden.
Innfjorden er om lag midt i dette biletet av indre delen av Romsdalsfjorden.

Innfjorden er ein fjordarm av Romsdalsfjorden i Rauma kommune i Romsdal. Fjorden strekkjer seg 4 km sørover til bygda med same namn i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Søvikeneset i vest og Skoftaneset i aust. Innfjorden er særs symmetrisk, forma som ein U med nesten heilt rett fjordsider. E136 går langs vestsida av fjorden og austsida opp til der Innfjordtunnelen går nordaustover til Åndalsnes.

Fjorden er omgjeve av høge fjell og særleg austsida er bratt, der Grisetskolten stig til 1066 meter over havet.

Sjølve bygda har om lag 450 innbyggjarar og ligg om lag 10 km frå Åndalsnes.