Innfjordtunnelen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Innfjordtunnelen er ein 6594 meter lang vegtunnel på E 136, i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Tunnelen vart opna i 1991, og går frå Gridset ved Innfjorden til Veblungsnes for å erstatte eit rasfarleg stykke av vegen langsmed Romsdalsfjorden mellom Åndalsnes og Innfjorden. Denne strekninga vart permanent stengd etter eit steinskred i 1989 som tok eitt menneskeliv. Frå raset gjekk og fram til tunnelen vart opna, gjekk trafikken med ferje på ei stutt strekning.
Som med fleire andre tunnelar i Noreg er Innfjordtunnelen delvis plaga med kondens. Kondensen kan føre til farlege situasjonar fordi bilrutene plutseleg doggar når ein køyrer inn i tunnelen. [1], [2]