Hopp til innhald

Innlandet

Denne artikkelen handlar om øya i Kristiansund. For fylkeskommunen, sjå Innlandet fylke.
Innlandet
Innlandet sett frå Kirklandet, i bakgrunnen fjellet Freikollen, det høgaste fjellet i Kristiansund. 
Foto:
Harald Oppedal
Innlandet sett frå Kirklandet, i bakgrunnen fjellet Freikollen, det høgaste fjellet i Kristiansund.

Foto: Harald Oppedal

Geografi
StadNordmøre
Koordinatar63°06′16″N 07°44′02″E / 63.10444°N 7.73389°E / 63.10444; 7.73389
Areal0,73 km²
Høgaste punktBautaen (64 moh.)
Administrasjon
LandNoreg Noreg
FylkeMøre og Romsdal
Demografi
Folketal1397 (2024)
Folketettleikca. 1910 /km²
Dødeladen cafe på Innlandet. Bilete er teke frå sundbåten.
Foto: Harald Oppedal

Innlandet er Kristiansund si minste øy, og ei av dei fire øyane som sentrum av byen ligg på. Dei andre er Kirklandet, Nordlandet og Gomalandet. Tahiti er vorte eit mykje nytta kallenamn på Innlandet av dei lokale innbyggjarane og Tahitifestivalen er eit årvisst arrangement på øya. Den populære badeplassen Skjærva er flittig nytta om sommaren til bading, volleyball, basketball og til å sole seg. Innlandet har òg ein matvarebutikk, ein barneskule og ein restaurant (Dødeladen), elles er mykje av øya nytta til bustader.

Folketalsutvikling

1900[1] 2000[2] 2024[2]
1136 1224 1397