Hopp til innhald

Innlandet fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Innlandet fylke
fylke
Fylkeslogo
Land  Noreg
Adm.senter Hamar
Areal 52 072,4 km²
   land 49 395,9 km²
   vatn 2 676,5 km²
Folketal 377 556  (1. januar 2025)
Folketettleik 8 / km²
Målform nøytral
Statsforvaltar Knut Storberget
Fylkesordførar Thomas Breen (Ap)
Fylkesnummer 34
Kart
Innlandet fylke
61°30′00″N 10°40′00″E / 61.5°N 10.666666666667°E / 61.5; 10.666666666667
Wikimedia Commons: Innlandet
Nettstad: innlandetfylke.no

Innlandet er eit fylke i Noreg som blei danna 1. januar 2020. Det består av dei tidlegare fylka Hedmark og Oppland bortsett frå kommunane Jevnaker og Lunner, som blei overførte til Viken fylke.[1] Innlandet grensar til Trøndelag fylke i nord, Møre og Romsdal i nordvest, Vestland fylke i vest og Buskerud og Akershus i sør. Dessutan har det grense til Sverige i aust.

Området dekkjer nær 17 prosent[2] av fastlandsarealet i Noreg, og spennar frå Osloregionen i sør til Trøndelag i nord. Mot vest er regionen avgrensa av Jotunheimen og fjellområda i Valdres, og i aust av svenskegrensa.

Den største innsjøen i Noreg, Mjøsa, ligg sentralt plassert midt i Innlandet. Rundt Mjøsa ligg byane Brumunddal, Gjøvik, Moelv, Hamar og Lillehammer, som også er kjende som Mjøsbyane og Mjøsbyregionen.

I tillegg til den største innsjøen i Noreg husar Innlandet også det høgaste fjellet i Noreg, Galdhøpiggen, og den lengste elva, Glomma.

Folketala i oversynet under er frå SSB per 1. januar 2025.

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd (km²) Målform[3] Valdistrikt
3401 Kongsvinger kommune Kongsvinger Kongsvinger 18 109 1 036,46 bokmål Hedmark
3403 Hamar kommune Hamar Hamar 33 441 350,94 nøytral
3405 Lillehammer kommune Lillehammer Lillehammer 29 011 477,44 bokmål Oppland
3407 Gjøvik kommune Gjøvik Gjøvik 31 175 672,16
3411 Ringsaker kommune Ringsaker Brumunddal 35 911 1 281,08 Hedmark
3412 Løten kommune Løten Løten 7 931 369,45
3413 Stange kommune Stange Stange 21 691 724,22
3414 Nord-Odal kommune Nord-Odal Sand 5 006 508,13
3415 Sør-Odal kommune Sør-Odal Skarnes 8 150 516,76
3416 Eidskog kommune Eidskog Skotterud 6 059 640,39
3417 Grue kommune Grue Kirkenær 4 513 837,17
3418 Åsnes kommune Åsnes Flisa 7 247 1 040,98
3419 Våler kommune Våler Våler 3 559 705,26
3420 Elverum kommune Elverum Elverum 21 899 1 229,33 nøytral
3421 Trysil kommune Trysil Innbygda 6 542 3 014,43 bokmål
3422 Åmot kommune Åmot Rena 4 205 1 339,85
3423 Stor-Elvdal kommune Stor-Elvdal Koppang 2 250 2 165,93
3424 Rendalen kommune Rendalen Bergset 1 846 3 179,56
3425 Engerdal kommune Engerdal Engerdal 1 326 2 196,61
3426 Tolga kommune Tolga Tolga 1 606 1 122,63 nøytral
3427 Tynset kommune Tynset Tynset 5 722 1 879,63
3428 Alvdal kommune Alvdal Alvdal 2 509 942,55
3429 Folldal kommune Folldal Folldal 1 540 1 277,77
3430 Os kommune Os Os 1 895 1 040,48
3431 Dovre kommune Dovre Dovre 2 516 1 363,84 Oppland
3432 Lesja kommune Lesja Lesja 2 006 2 259,00
3433 Skjåk kommune Skjåk Bismo 2 179 2 075,53 nynorsk
3434 Lom kommune Lom Fossbergom 2 215 1 968,58
3435 Vågå kommune Vågå Vågåmo 3 529 1 330,25
3436 Nord-Fron kommune Nord-Fron Vinstra 5 553 1 141,28
3437 Sel kommune Sel Otta 5 623 904,71 nøytral
3438 Sør-Fron kommune Sør-Fron Hundorp 3 128 742,38
3439 Ringebu kommune Ringebu Vålebru 4 447 1 247,54
3440 Øyer kommune Øyer Tingberg 5 134 639,93
3441 Gausdal kommune Gausdal Segalstad bru 6 174 1 191,63
3442 Østre Toten kommune Østre Toten Lena 14 827 561,77 bokmål
3443 Vestre Toten kommune Vestre Toten Raufoss 13 649 249,40
3446 Gran kommune Gran Jaren 13 660 756,63
3447 Søndre Land kommune Søndre Land Hov 5 597 728,40
3448 Nordre Land kommune Nordre Land Dokka 6 544 955,27
3449 Sør-Aurdal kommune Sør-Aurdal Bagn 2 822 1 108,97 nøytral
3450 Etnedal kommune Etnedal Bruflat 1 254 459,15
3451 Nord-Aurdal kommune Nord-Aurdal Fagernes 6 455 906,54
3452 Vestre Slidre kommune Vestre Slidre Slidre 2 142 463,24 nynorsk
3453 Øystre Slidre kommune Øystre Slidre Heggenes 3 311 963,10
3454 Vang kommune Vang Vang 1 648 1 505,24
34 Innlandet Innlandet Hamar 377 556 52 072,34 nøytral Hedmark
Oppland
  1. Jan Ivar Bøe (2. mai 2019). «Lunner, Jevnaker og Svelvik kommuner overføres til Viken». viken2020.no.
  2. «Næringslivet i Innlandet». www.nho.no (på norsk). Arkivert frå originalen 14. mars 2017. Henta 13. mars 2017.
  3. «Forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar (målvedtaksforskrifta)». Lovdata. 20. desember 2019. Henta 28. desember 2020.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]