Innlandsis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Satellittbilete av Antarktis
Satellittbilete av Grønlandsisen

Innlandsis er ein isbre som dekker eit kontinent. Ein vanleg definisjon av innlandsis er isbrear som dekkjer eit areal på meir enn 50 000 km². Det er i dag to iskapper i denne storleiksordenen på jorda - Antarktis og Grønlandsisen. Under den siste istida var det ytterlegare to; Weichsel-isen som dekte mykje av Nord-Europa og nordlege Sibir, og Patagonia-isen som dekte den sørlege delen av Sør-Amerika. Grønlandsisen var då ein del av den store Laurentide-isen, som dekte Canada og dei nordlegaste delane av USA.

Ein innlandsis er tjukk omkring isskiljet inne på breen, og spreier seg utover med tyngdekrafta. Masse flyt frå isskiljet mot kanten, der han smeltar til overflatevatn eller kalvar av som isfjell i havet eller innsjøar. Innlandsisen flyt utover ved at han blir deformert eller ved at han sklir på underlaget, som er smurt av smeltevatn. Temperaturen i botnen av breen er relativt høg på grunn av varme som er tilført frå det indre av jorda (geotermisk varme). Farten på isen mot underlaget avheng av om det finst sediment som lett deformerast, av ruheita på underlaget, så vel som av tilførsel og fordeling av vatn. Isstraumane er ofte kanalar av raske straumar inne i eit isdekke som elles rører seg mykje saktare.

Is som flyt ut mot kysten heng ofte fast som ein del av innlandsisen og dannar ein isbrem eller shelf-is. Ein isbrem flyt utover på grunn av sin eigen tyngde, og blir tilført masse i form av snø og innstraumande brear. Ein isbrem mister masse ved kalving av isfjell frå isfronten og smelting på undersida.

Respons på klimaendringar[endre | endre wikiteksten]

Som ved isbrear generelt minkar innlandsisen som følgje av varmare klima, og aukar som ein respons på avkjøling. Volumet av innlandsisen på Grønland tilsvarar 7 meter auka havnivå, og isen i Antarktis svarar til omtrent 57 meter stigning i havnivået. Paleodata indikerer at store delar av ein, eller begge, innlandsisane truleg har smelta i fortida. Likevel viser iskjerneprøvar at ingen av innlandsisane har vore heilt borte i løpet av dei siste ein million åra.

Innlandsisen kan reagere på endringar i miljøet på svært lang tidsskala, og av dette følgjer at framtidige endringar vil kunne skje frå den pågåande globale oppvarminga. Det kan ta meir enn 10 000 år for ei oppvarming på overflata å nå ned til botnen av isen og endre temperaturen der. Farten til isen over store område blir òg forandra sakte som ein respons på endringar i forma og i overflatetemperaturen. Store endringar i farten kan likevel skje raskt i is-straumar og brear som strøymer ut av innlandsisen ved auka tilførsel av smeltevatn under isen, eller ved endringar i isbremmen desse endar opp i.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]