Innsidehandel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Innsidehandel (frå engelsk insider trading) er det å kjøpa eller selja børsnoterte aksjar på grunnlag av fortrulege opplysingar om selskapet, som kan få vesentleg tyding for kursen.[1] Omgrepet vert òg nytta om aksjehandlar gjorde av innsidarar i ei verksemd, som direktørar og styremedlemer. I Noreg er slike handlar lovlege, men dei er meldepliktige på Oslo Børs.[2]

Innsidehandel basert på fortrulege opplysingar er forbode i fleire land, i Noreg etter lov om verdipapirhandel av 14. juni 1985 (Verdipapirloven).[1][3] Brot på lova kan straffast med opptil 6 års fengsel.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.