Innsjøen Kilpisjärvi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om innsjøen. For staden, sjå Kilpisjärvi.
Kilpisjärvi
innsjø
Enontekiö Kilpisjärvi.JPG
Kilpisjärvi sett frå den finske sida
Land Flag of Finland.svg Finland
Høgd over havet 473 moh
Areal 37,33 km²
Største djupn 57 m
Volum 0,73 km³
Wikimedia Commons: Lake Kilpisjärvi
Kilpisjärvi i Finland

Kilpisjärvi (eller Gilbbesjävri, nordsamisk: Gilbbesjávri) er ein innsjø på grensa mellom Finland og Sverige. Han ligg i den nordvestre delen av Enontekis kommune ved staden Kilpisjärvi i den finske armen i Lappland i det nordvestlegaste Finland. På den svenske sida ligg sjøen i Kiruna kommun i Norrbottens län (Lappland).

Kilpisjärvi ligg i Dei skandinaviske fjella. På den finske sidan ligg fjelltoppane rundt 300–550 meter, og på den svenske sidan rundt 300 meter over vassflata. Strendene er tørre, karrige og steinete. Det mest kjente fjellet ved sjøen er Saana.

Kilpisjärvi er todelt, og vert delt av eit sund ved Salmivaara i den nordlege (øvre) Ylinen Kilpisjärvi (nordsamisk: Bajit Gilbbesjávri) og i den sørlege (nedre) Alanen Kilpisjärvi eller Alajärvi (Vuolit Gilbbesjávri eller Vuolle-Gilbbesjávri). Innsjøen har utløp gjennom Könkämä älv, Muonio älv og endeleg Torne älv til Bottenviken.

Kilpisjärvis samanlagte overflate utgjer 37 kvadratkilometer.[1] Den største djupna på 57 meter ligg i den sørlege delen. I den nordlege delen er den største djupna på 47 meter.[2] Gjennomsnittleg djupne er 19,5 meter.[3] Innsjøen er islagt til slutten av mai og sjøen frys til i byrjinga av november.[4]

Fiskebestand[endre | endre wikiteksten]

Harr, røye, sik og aure er dei viktigaste fiskeartane i Kilpisjärvi.[5] Siken er utplassert i sjøen. Kilpisjärvi er ikkje eit godt fiskevatn. eit teikn på detta ser ein i den årlege sportsfiskekonkurransen Vain kaksi kalaa (Berre to fiskar), som vert arrangert i byrjinga av mai. Trass i deltakartalet på fleire tusen våren 2006, resulterte konkurransen i null fanga fisk som oppfylte måla i høve til konkurransereglane.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]