Innved
Innveden er den forsterkande konstruksjonen innvendig i ein klinkbygd båt. Dei viktigaste delane av innveden er esing, band og betar. Innveden er i regelen festa til bordgangane med trenaglar. Han vert ikkje festa før båten er oppborda. For at ikkje båten skal verte for stiv er ikkje innveden fast til kjølen.
Sunnmørsbåtar av snedbetningtypen har ekstra forsterkande innved, kalla knottar. Det er to i fremre delen av båten og to i bakre, tilpassa parvis på kvar side.. Dei liknar på kraftige band, er festa over esingane oppe, og skrår ned mot midten av båten. Dette for å forsterke båten der sjø og trakk av mannefot røyner mest
Innveden er fast i båten. Den delen av innreinga som er laus, som til dømes tiljer, tofter og auskar, vert kalla tilfar.[1]
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kjell Magnus Økland (2016). OSELVAR – Den levande båten. Skald forlag. s. 462. ISBN 978-82-7959-244-0.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Jakob D. Bjørkedal: Båtbygging i Bjørkedalen. Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda 1987
- Gunnar Eldjarn og Jon Godal: Åfjordbåten og Nordlandsbåten Bind 2, 3 og 4.
- Asbjørn Klepp:Nordlandsbåter,-og båter fra Trøndelag. Grøndahl & søn A.S. Oslo 1983