Innvikfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°49′24.308″N 6°28′15.409″E

Innvikfjorden sett frå Utvikfjellet, Faleidfjorden fortsett innanfor neset midt i biletet.
Foto: Simo Räsänen

Innvikfjorden er ein delfjord av Nordfjord i Stryn kommune i Sogn og Fjordane. Han har ei lengd på om lag 4,5 km og er ei fortsetjing av Utvikfjorden.

Fjorden startar mellom Ulvedal i nord og Utvik i sør og går forbi Innvik, som han er kalla opp etter. Ved Hildeneset held fjorden fram som Faleidfjorden.

Riksveg 60 går langs austsida av fjorden, medan Riksveg 613 går på vestsida.