Inositol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Strukturen til inositol

Inositol ei organisk sambinding og ein isomer heksahydroksysykloheksan med kjemisk formel C6H12O6. Inositol finst i visse feittstoff (fosfolipid) i musklar, nervar og hjernevev. Det finst òg mykje av inositol i planteriket, dels i fri form, dels forestra med fosforsyre som fytinsyre. Inositolsambindingar er viktige signalstoff i sellene.

Inositol finst i sellemembranen som fosfatidylinositol-4,5-bisfosfat (PIP2). Visse hormon vil aktivera fosfolipase C når dei er bundne til reseptorane sine på selleyta. Fosfolipase C spaltar PIP2 til inositoltrisfosfat og 1,2-diacylglyserol. 1,2-diacylglyserol aktiverer enzymet proteinkinase C og går inn i resyntesen av PIP2. Inositoltrisfosfat stimulerer til frigjeving av kalsiumion frå lager i sellene, og går etter stegvis defosforylering til inositol inn i nysyntesen av PIP2. Aktivert proteinkinase C og kalsiumion regulerer ulike selleprosessar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«inositol» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 26. mars 2017.

Spire Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.