Insidens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Insidens er eit omgrep innan epidemiologi og er definert som kor mange nye tilfelle av ein sjukdom ein får i ein populasjon innanfor ein definert tidsperiode[1]. Populasjonen er som regel den delen av folkesetnaden som har ein risiko for å få sjukdommen, t.d. kvinner over ein viss alder om ein ser på livmorhalskreft.

Insidensraten er definert som insidensen delt på oppfølgingstida (personår).


\frac{
  \mbox{Talet på nye tilfelle av ein sjukdom}}
  {\mbox{Talet på personår teljinga er gjort over}}

For å få gode tal for insidensen av ein del sjukdommar er det i Noreg meldeplikt, legar og laboratorie må melde frå til Folkehelseinstituttet om nye tilfelle av desse sjukdommane.

Gode tal på variasjon av insidens er avhengig av korrekt diagnostikk. Eit døme på kva dette tyder ser ein på insidensen av medfødde hjartefeil til ulike tider. Tidlegare var denne rekna til 0,6-0,7 % av alle nyfødde. Nyare tal er på rundt 1%. Skilnaden skuldast truleg ikkje reell auke, men skuldast betre undersøkingsmetodar som finn fleire små feil[2].

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Petter Laake, Bjørn Reino Olsen og Håkon Breien Benestad. Forsking i medisin og biofag, 2. utg. (Gyldendal Norsk Forlag, 2008).
  2. Meberg A, et al: Increasing incidence of ventricular septal defects caused by improved detection rate. Acta Pædiatrica 1994; 83: 653-657.