Insolvens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Insolvens betyr at skuldnaren har problem med å innfri sine økonomiske plikter etter kvart som dei forfell.

Insolvens består av to faktorar, insuffisiens og illikviditet, som begge må vere oppfylt. Insuffisiens har ein når skuldnaren sine eigedelar ikkje er tilstrekkelege til å dekke pådratt gjeld. Illikviditet har ein når skuldnaren ikkje er i stand til å betale sine plikter ved forfall. Ein føreset vidare at betalingsvanskane ikkje er forbigåande.

Insolvens ligg ikkje føre når ein må rekne med at skuldnaren sine eigedelar og inntekter til saman vil kunne gi full dekning for skuldnaren sine plikter, sjølv om dette vil kunne ta tid fordi dekning må skje ved sal av eigedelane.[1]

Insolvens er ikkje eit synonym for konkurs, men ein føresetnad for å få opna ein konkurs.

Det motsette av å vere insolvent er å vere solvent.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]