Institut national des sciences appliquées de Toulouse
Institut national des sciences appliquées de Toulouse | |
![]() | |
| |
Grunnlagt | 21. oktober 1963 |
---|---|
Stad | Toulouse |
Koordinatar | 43°34′15″N 1°28′06″Ø |
Studentar | 2 534 (2018) |
Nettstad | insa-toulouse.fr |
Institut national des sciences appliquées de Toulouse (INSA Toulouse) er eit teknisk universitet i Toulouse i Frankrike, og er ein av dei 204 franske ingeniørskular som er akkrediterte til å utskriva ei ingeniørgrad.[1] Skulen vart grunnlagd i 1963 som ein medlem av INSA-gruppa, og er ein grunnleggjande medlem av Université de Toulouse.[2] Alumninettverket inkluderer over 17 000 alumnar frå INSA Toulouse.[3]
Utdanning[endre | endre wikiteksten]
Opptak[endre | endre wikiteksten]
Opptak kan gjerast basert på fleire måtar; vitnemål, intervju eller fullførte grader i første, andre, tredje eller fjerde år.
INSA Toulouse rekrutterer også toppidrettsutøvarar, musikarar, dansarar, skodespelarar og kandidatar med funksjonshemmingar, som har opptak regulerte av spesielle føresegner.[4]
Pre-oritenteringer[endre | endre wikiteksten]
Ved INSA Toulouse, etter eit første år med felles undervisning, må studentane velja mellom fire pre-orientingar for dei tre neste semestera:[4]
- Ingénierie chimique, biochimique et environnementale (ICBE), «Kjemi, biokjemi og miljøteknikk»
- Ingénierie de la construction (IC), «Byggjeteknikk»
- Ingénierie des matériaux, composants et systèmes (IMACS), «Materiale, komponentar og system»
- Modélisation, informatique, communication (MIC), «Modellering, databehandling og kommunikasjon»
Spesialiseringar[endre | endre wikiteksten]
Dei fire pre-orienteringene gir tilgang, frå 6. semester, til følgjande spesialiseringar:[4]
Pre-orientering | Spesialisering |
---|---|
Ingénierie chimique, biochimique et environnementale (ICBE) | Génie Biologique (GB), «Bioteknologi» |
Génie des Procédés, Eau, Énergie et Environnement (GP3E), «Prosessteknikk, vatn, energi og miljø» | |
Ingénierie de la construction (IC) | Génie Civil (GC), «Byggingeniør» |
Génie Mécanique (GM), «Maskiningeniør» | |
Ingénierie des matériaux, composants et systèmes (IMACS) | Génie Physique (GP), «Fysikk» |
Automatique, Électronique (AE), «Automatikk og elektronikk» | |
Modélisation, informatique, communication (MIC) | Informatique et Réseaux (IR), «IT og nettverk» |
Mathématiques Appliquées (MA), «Anvendt matematikk» |
Studentliv[endre | endre wikiteksten]
INSA Toulouse har Studentsamskipnaden Amicale des Élèves de l'INSA de Toulouse med 82 klubbar: tekniske, kulturelle, friluftslivs- eller solidaritetsforeiningar.[5] Kvart år, i mai, gjer den årlege festivalen til skulen, 100 Tours de l'INSA, det mogleg for alle klubbar og foreiningar å møtast i to dagar med festar.[6] Sidan september 2000 har Les Enfoiros frå INSA, med både studentar og lærarar frå INSA Toulouse bestemt seg for å engasjera seg i å hjelpa Restos du Cœur-foreningen (fr), ein ideell organisasjon som deler ut mat til trengande. Det blir m.a. halde mange konsertar på campusen til INSA, og arrangert fleire aksjonar i løpet av året for å samla inn pengar, mat og klede. [7]
Bar P'tit Kawa og Boom[endre | endre wikiteksten]
P'tit Kawa er den studentdrivne baren på campus. Her blir det servert varm drikke til lunsj, og i lokala finst diverse spel. Kvar onsdag vert det også halde temakveldar.[8]
Før alle feriane blir arrangert såkalla Boom-kveldar, også med diverse tema. Desse kveldane er større arrangement med diskjockey og stort dansegolv.[9]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Arrêté du 25 février 2021 fixant la liste des écoles accréditées à délivrer un titre d'ingénieur diplômé». Légifrance, le service public de la diffusion du droit (på fransk). 25. februar 2021. Henta 9. mai 2023.
- ↑ «Les établissements et organismes de l'Université de Toulouse». Université de Toulouse (på fransk). u.d. Henta 9. mai 2023.
- ↑ «INSA Alumni Toulouse». INSA Toulouse (på fransk). u.d. Henta 9. mai 2023.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «Formation Ingénieur». INSA Toulouse (på fransk). u.d. Henta 9. mai 2023.
- ↑ «Clubs». Amicale des Élèves de l'INSA de Toulouse (på fransk). u.d. Henta 10. mai 2023.
- ↑ «Les 100 Tours de l'INSA». Facebook. u.d. Henta 9. mai 2023.
- ↑ «Les Enfoiros de l'INSA». Les Enfoiros de l'INSA (på fransk). u.d. Henta 9. mai 2023.
- ↑ «Bar Petit Kawa». Amicale des Élèves de l'INSA de Toulouse (på fransk). u.d. Henta 9. mai 2023.
- ↑ «Boom». Amicale des Élèves de l'INSA de Toulouse (på fransk). u.d. Henta 9. mai 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Institut national des sciences appliquées de Toulouse» frå Wikipedia på bokmål, den 10. mai 2023.