Hopp til innhald

Instituttet for sammenlignende kulturforskning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Instituttet for sammenlignende kulturforskning
Typestiftelse
Org.nummer979643470
Skipa1922
HovudkontorOslo kommune
Nettstadhttp://iskf.no/english/ Sjå dette på Wikidata

Instituttet for sammenlignende kulturforskning (engelsk The Institute for Comparative Research in Human Culture, Oslo) er ein frittståande norsk forskingsinstitusjon. Styret for instituttet blir peikt ut dels av Det Norske Videnskaps-Akademi og dels av dei fire universiteta i Noreg. I dag finansierer det i hovudsak verksemda si ved sitt eige fond, men har også nokre tilskot frå Nansenfondet og den norske staten.

Instituttet si historie er skildra i tre verk, Leiv Amundsen sin historikk frå 1972, Linda Holmås si hovudoppgåve frå 2006 og Jon Røyne Kyllingstad si doktorgradsavhandling frå 2008, som seinare kom ut i bokform i 2025. Denne framstillinga byggjer på Kyllingstad 2025.

Oppstart og mellomkrigstid

[endre | endre wikiteksten]

Instituttet vart danna i 1922 og har som oppgåve å støtta forsking i etnologi og samanliknande forsking innan fagfelta språkforsking, folkeminneforsking, religionsforsking, arkeologi og (etnografisk) samfunnsforsking. Instituttet starta opp med å invitere leiande internasjonale forskarar innafor desse fagfelta til lange opphald i Oslo, der dei heldt førelesingsserier om dei ulike faga sine og diskuterte med instituttet sine forskarar.

Instituttet kom med det første arbeidsprogrammet sitt i 1923. Utkastet var skrive av Ole M. Solberg, og det satsa på tre fagområde, arktisk kulturforsking, kaukasisk språkforsking og folkeminne.[1] Det første steget i den arktiske kulturforskinga var å gje eit «fullstendig bilde» av den samiske kulturen, med studium av reindrifta og av busetjingskulturen, samanlikning med norsk, kvensk og russisk kultur, og med studium av samisk religion. I tillegg skulle samanhengen mellom samisk språk og grannespråka utforskast, og samisk historie, arkeologi, raseantropologi og psykologi. Alle instituttet sine fagfelt var med andre ord involvert (religionsvitskap, rettsvitskap, folkeminneforsking, samanliknande språkvitskap, arkeologi og etnografi. Som eit neste steg skulle det vere tilsvarande undersøkingar av nabofolka i Nord-Russland og Vest-Sibir. Eit argument Solberg brukte var at det innafor dette fagfeltet var fagfolk, Just Qvigstad og Konrad Nielsen.

Det andre satsingsområdet var kaukasisk språkforsking. Målet her var å finne ut om ei betre forståing av historia til dei kaukasiske språka kunne bidra til å kaste lys over dei indoeuropeiske språka sitt opphav. I oppstarten av programmet var fokus likevel ikkje på kaukasisk, men på iranske språk i grenseområda mellom Afghanistan og (noverande) Pakistan. Dels slapp ikkje Sovjetunionen språkforskarane inn i Kaukasus, og dels var det ein ung dyktig forskar som hadde disputert på eldre indisk litteratur, Georg Morgenstierne. Arbeidet med kaukasiske språk (særleg georgisk) vart gjort av Alf Sommerfelt og deretter (og særleg] Hans Vogt.

Det tredje satsingsområdet var norske folkeminne, der Knut Liestøl var sentral. Dette satsingsområdet var meir kontroversielt, her var det særleg Edvard Bull som var direkte motstandar av prosjektet. Han fremja eit alternativt program, samanliknande historisk forsking, med vekt på eit studium av bondesamfunnets materielle (økonomiske og sosiale) kultur.[2]

Etterkrigstid

[endre | endre wikiteksten]

Etter andre verdskrigen hadde instituttet mindre pengar enn tidlegare, «på grunn av inflasjonen og mindre offentlige bevilgninger».[3]

Dagens aktivitet

[endre | endre wikiteksten]

I dag konsentrerer instituttet verksemda til å gje ut vitskapleg litteratur, og til støtte av forsking på prioriterte forskingsområde.

I tillegg har instituttet mellom anna støtta forsking om Kamerun og om Oseania, til dels i samarbeid med Noregs forskingsråd. Instituttet deler også ut ein del stipend.

  1. Kyllingstad 2025, s. 126ff.
  2. Kyllingstad 2025, s. 141f.
  3. «Om instituttet». Arkivert frå originalen 15. april 2015. Henta 3. juli 2012.
Litteratur
  • Kyllingstad, Jon Røyne (2025), «Menneskeåndens universalitet» Instituttet for sammenlignende kulturforskning 1917-1940. Ideene, institusjonen og forskningen, Oslo: Institutt for sammenlignende kulturforskning. Novus forlag 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]