Instrumentalen Chariots of Fire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Chariots of Fire
Singel av Vangelis
frå albumet Chariots of Fire
Utgjeve Mars 1981
Sjanger New-age
Lengd 3:32
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar) Vangelis
Produsent Vangelis

«Chariots of Fire» er eit instrumentalt tema skriven og innspelt av Vangelis for filmen med same namn i 1981. Innspelinga har sidan blitt spelt av mange andre artistar og nytta som kjenningsmelodi for mange fjernsynsprogram og sportshendingar.

Oversy[endre | endre wikiteksten]

filmmusikkalbumet heiter stykket «Titles» fordi han vert nytta i opningsscenen av filmen, men har stort sett blitt kjend som «Chariots of Fire». I følgje Allmusic, vart stykket oppført som «Chariots of Fire - Titles» på den amerikanske Billboard Hot 100-lista og berre «Chariots of Fire» på Adult Contemporary-lista.[1]

Ein CD-singel frå 1989 av songen vart òg berre kalla «Chariots of Fire».[2] Då singelen debuterte på 94. plass på Billboard Hot 100 veka som enda 12. desember 1981, vart han berre kalla «Titles». Sju veker seinare, då han klatra til 68. plass, var namnet endra til «Chariots of Fire» og hadde dette namnet resten av tida han låg på lista.

Plagiatrettsak[endre | endre wikiteksten]

Vangelis vart skuldra for plagiat med «Chariots of Fire» frå eit stykke av den greske komponisten Stavros Logaridis kalla «City of Violets». Vangelis vann i retten ved å overtyde domaren om at han ikkje hadde høve til å høyre stykket til Logaridis før han komponerte «Chariots of Fire», og demonstrerte at tonane som domaren hadde identifsert som identiske alt var særs vanleg i musikk, og tidlegare hadde vore nytta i stykket «Wake Up» av Vangelis, som kom før «City of Violets».[3][4]

Lister[endre | endre wikiteksten]

«Chariots of Fire» låg ei veke på toppen av Billboard Hot 100 i mai 1982, etter å ha klatra oppover lista jamt og trutt i fem månader. Han nådde toppen av lista den 21. veka han låg inne på lista. Han er så langt den einaste songen av ein gresk artist som har oppnådd dette. Det var òg den første førsteplassen for Polydor i USA i 1980-åra.[5]

Singelen låg 64 veker inne på den australske singellista, men nådde der berre 21. plass. I Japan var «Chariots of Fire» den mestseljande singelen i 1981.[6] Songen var òg populær i Storbritannia, der han nådde 12. plassen, medan albumet der nådde femteplassen og låg 107 veker på albumlista.

Liste (1981/82) Plassering
Canada[7] 4
Nederland[8] 12
Irland[9] 15
New Zealand RIANZ Singles Chart[10] 8
UK Singles Chart[11] 12
U.S. Billboard Hot 100[12] 1
U.S. Billboard Adult Contemporary[12] 1

Video[endre | endre wikiteksten]

Det vart laga ein musikkvideo av Vangelis der han speler «Chariots of Fire» på akustisk piano, medan filmen går på ein skjerm i bakgrunnen.[13]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Det er innspelt mange andre versjonar av «Chariots of Fire», mellom anna i orkesterstil av John Williams and the Boston Pops, med elektrisk gitar av The Shadows, med akustisk gitar av Bronn Journey, piano med Richard Clayderman, panfløyte med Zamfir og i jazzstil av The Bad Plus. Ween har spelt delar av stykket mot slutten av songen deira «Japanese Cowboy» på konsertar.

Det er gjort vokale innspelingar av «Chariots of Fire» av Melissa Manchester, Jane Olivor, Mireille Mathieu, Demis Roussos, den taiwanske songaren Tracy Huang og den italienske sopranen Gioaria — alle med tekst, «Race to the End», skriven av Jon Anderson.[14][15][16]

Alvin and the Chipmunks nynna instrumentalen etter at dei hadde «gløymt» teksten heime, for albumet The Chipmunks Go Hollywood i 1982.

I andre media[endre | endre wikiteksten]

OL[endre | endre wikiteksten]

Sidan temaet vart nytta i ein film som handla om sommar-OL 1924, har «Chariots of Fire» på sett og vis blitt synonymnt med dei olympiske leikane. Han var det offisielle temaet for vinter-OL 1984 i Sarajevo,[17][17] og vart spelt føre starten på 100 meterfinalen for menn under sommar-OL 1996 i Atlanta.

Han vart òg mykje nytta under sommar-OL 2012 i London. Stykket vart spelt under eit testløp på Olympic Stadium[18] og som ein fanfare for løparane som sprang med OL-fakkelen på delar av løypa i Storbritannia. Stykket vart òg nytta under kva medaljeseremoni under leikane.[19][20]

Stykket vart framført av London Symphony Orchestra under opningsseremonien til London-OL 2012, som ein del av ein sketsj med komikaren Rowan Atkinson i rolla som Mr. Bean, der han speler den same noten på ein synthesizer.[21]

Apple Macintosh[endre | endre wikiteksten]

Stykket vart spelt då Steve Jobs introduserte den aller første Macintosh-maskinen den 24. januar 1984 under ei teknologimesse.[22]

Filmparodiar[endre | endre wikiteksten]

Stykket har ofte vorte nytta i sakte film-sekvensar og parodiar i fleire filmar, som National Lampoon's Vacation og Mr. Mom (begge 1983 og begge skrivne av John Hughes), Happy Gilmore (1996), Good Burger (1997), How the Grinch Stole Christmas (2000), Bruce Almighty (2003), Old School (2003) og Madagascar (2005, òg inkludert på filmmusikkalbumet).

I reklamar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «((( Chariots of Fire > Charts & Awards > Billboard Singles )))». allmusic. Henta 7. september 2014. 
  2. «((( Chariots of Fire [Single] > Overview )))». allmusic. Henta 7. september 2014. 
  3. Paul Sipio; Robert Cason; Daniel Müllensiefen (2011). «EMI Music v. Papathanasiou [1993] E.M.L.R. 306». UCLA School of Law. Henta 7. september 2014. 
  4. «EMI Music v. Papathanasiou [1993] E.M.L.R. 306» (PDF). High Court, Chancery Division. 1987-02-18. Henta 7. september 2014. 
  5. «Vangelis interview to ''Keyboard'' magazine, December 1992». Elsew.com. 2000-11-17. Henta 7. september 2014. 
  6. «BBC Top of the Pops 2, January 1982». Youtube.com. Henta 7. september 2014. 
  7. «Top Singles - Volume 36, No. 16, May 29, 1982». CollectionsCanada. Henta 4. august 2010. 
  8. «Nederlandse Top 40 Archives» (pdf) (på nederlandsk). Top40. Henta 4. august 2010. 
  9. Irish Charts Archives irishcharts.ie (Henta 4 August 2010)
  10. "Titles from Chariots of Fire», in various singles charts Lescharts.com (Henta 4 August 2010)
  11. UK Singles Chart Chartstats.com (Henta 4 August 2010)
  12. 12,0 12,1 «Vangelis > Charts & Awards > Billboard Singles». AllMusicGuide. Henta 7. september 2014. 
  13. «Vangelis - Chariots of Fire (Video on YouTube)». Youtube.com. Henta 7. september 2014. 
  14. «tekst of Music by Vangelis». Vangelislyrics.com. Henta 7. september 2014. 
  15. «Dennis Lodewijks' Elsewhere». Elsew.com. 2007-04-12. Henta 7. september 2014. 
  16. «Dennis Lodewijks' Elsewhere». Elsew.com. 2005-04-02. Henta 7. september 2014. 
  17. 17,0 17,1 «Dennis Lodewijks' Elsewhere». Elsew.com. Henta 7. september 2014. 
  18. «London 2012: Olympic Park Runners Finish Race". BBC News. 31 March 2012.
  19. «Musicians Set to Fanfare the Flame". Northamptonshire Evening Telegraph. 3 April 2012.
  20. Bucholtz, Andrew (2 August 2012). «Hellas is struggling, but Vangelis is having a good Olympics thanks to «Chariots of Fire»». Yahoo! Sports Canada. Henta 7. september 2014. 
  21. «Mr. Bean's 'Chariots Of Fire' Skit At 2012 London Olympics Opening Ceremony». International Business Times. Henta 7. september 2014. 
  22. The Lost 1984 Video: young Steve Jobs introduces the MacintoshYouTube
  23. VideoYouTube
  24. VideoYouTube
  25. VideoYouTube

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]