Instrumentalis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Instrumentalis er ei nemning som blir brukt på kasus som uttrykker rolla INSTRUMENT, dvs. det substantivet eller substantivfrasen som viser til objektet verbhandlinga blir utførst med hjelp av. Kasuset kan brukast for ord som refererer både til fysiske og abstrakte konsept.

Intstrumentalis og andre kasus kan uttrykke instrument[endre | endre wikiteksten]

For kasus som blir kalla instrumentalis er det å uttrykke instrument som regel den mest sentrale funksjonen. Dette gjeld språka gammelengelsk, georgisk, baskisk, sanskrit og baltiske og dei fleste slaviske språk.

Mange språk som ikkje har ein eigen kasus instrumentalis, bruker ein annen kasus med for å uttrykke instrument. Nokre uralske språk, som finsk brukar adessiv, som uttrykker PLASSERING PÅ eller EIGAR, for å uttrykkje instrument. På finsk heiter "eg skriv med penn" kirjoitan kynällä, med same kasus som blir brukt til å seie tunturilla "på fjellet" eller Minulla on kynä "eg har ein penn" (bokstavleg: på meg er penn).

Andre uralske språk brukar kasus komitativ, dvs. kasusen som uttrykker I LAG MED yttrykker også INSTRUMENT. Til dømes betyr lulesamisk pennajn tjáláv «eg skriv med ein penn». På tyrkisk finst eit marginalt kasus komitativ (eigentleg ein postposisjon) som også uttyrkker instrument. Også tamilsk har eit kasus for instrumentalis og komitativ. Den semantiske sambandet mellom dei to rollene er at begge kombinerer to roller: Instrumentalis involverer agens og instrument, mens komitativ refererer til nokon i lag med nokon annan.

Ein annan kasus som også uttrykker INSTRUMENT er dativ, til dømes klassisk gresk:. I ...με κτείνει δόλῳ, «han drep meg med eit åte», vert dativ av δόλος nytta for å syna instrumentet. På latin vert ablativ nytta på tilsvarande måte.

Bruk av instrumentalis[endre | endre wikiteksten]

Instrumentalis for å uttrykke INSTRUMENT[endre | endre wikiteksten]

I denne russiske setninga: «Я написал письмо ручкой» (ja napisal pis'mo rutsjkoj), er ручкой instrumentalis (nominativ ручка, «penn»), og syner at pennen er eit reiskap. På norsk vil setninga normalt bli konstruert med eit preposisjonsuttrykk/adverbial: til dømes «Eg skreiv notatet med ein penn» eller «Eg skreiv notatet ved hjelp av ein penn».

Kasusen er mest nytta på russisk, der han vert kalla творительный падеж (tvoritelnij padezj). Han vert der normalt markert med endinga -ом (-om) for hankjønn og inkjekjønn eintal, og -ой (-oj) for hokjønn eintal og -ами for alle kjønn i fleirtal. Det finne nokre unntak.

Instrument i andre funksjonar[endre | endre wikiteksten]

På russisk, og i nokre andre slaviske språk, kan instrumentalis òg ha andre funksjonar:

  • Å syna tida der ei handling finn stad («under», «i», «på»). I setninga «я работаю утром», på norsk «eg arbeider om morgonen», er утро, «morgon», sett i instrumentalis for å syna tidsrommet.
  • Å syna endring av status. I setninga «сегодня я стал Французский гражданином», på norsk «i dag vart eg fransk borgar» er гражданин, «borgar», sett i instrumentalis for å syna endring av status.
  • Å framheva ein eigenskap eller ein profesjon. I setninga «Я работаю переводчиком», på norsk «eg arbeider som oversettar» vert instrumentalis nytta for å syna yrket. Grunnen til denne bruken er at ein profesjon vert sett på som eit instrument for å utføra eit arbeid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]