Intel 80486

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
33 MHz Intel 80486 prosessor

Intel 80486, også kalla 80486, i486 og 486, var ein 32-bit mikroprosessor som vart lansert av Intel den 10. april 1989. Intel 80486 var andre generasjons 32-bit x86-prosessor, og den første prosessoren i x86-arkitekturen med ein omfattande bruk av pipeline-prinsippet under utføringa av instruksjonar. Dette var opphavleg ein eigenskap som skilte RISC-arktitekturar frå CISC, og 80486 vart difor ofte omtalt som ein hybrid («CRISC»). 80486 utførte i snitt 1,2 instruksjonar per klokkepuls, medan forgjengaren Intel 80386 i snitt trong 3,2 klokkepulsar på utføringa av ein instruksjon.

80486 hadde 8 Kb integrert hurtigminne for data og instruksjonar, medan hurtigminnet for 80386 var tilgjengeleg som eksterne brikker. I tillegg var koprosessoren Intel 80387 for flyttallsberekningar integrert. I 80386 var 80387 ein ekstern spesialprosessor også råd å velje. Større integrering av komponentar gjorde at 80486 vart den første x86-prosessor med meir enn 1 million transistorar.

Intel kunngjorde den 18. mai 2006 at produksjonen av Intel 80486 ville opphøyre den 28. september 2007.[1] Sjølv om prosessoren på dette tidspunktet var avlegs i personlege datamaskiner, hadde han vorte nytta i innebygde systemer innan romfarts-teknologi.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tony Smith: Intel cashes in ancient chips, Register Hardware, 18. mai 2006