Intelligentsia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Intelligentsiaen (frå russisk интеллигенция, av latin intelligentia)[1] er ei nemning på ein samfunnsklasse med intellektuelle menneske som særleg har vore brukt i slaviske land. Omgrepet oppstod i Russland på første halvdel av 1800-talet, innført av forfattaren Pjotr Boborykin i 1870-åra. Det viste gjerne til folk med liberale og revolusjonære tendensar.[2]

Folk i denne samfunnsklassen er ofte høgt utdanna, tilhøyrer inga kyrkje, stat eller forvalting, og er ofte forfattarar, kunstnarar, filosofar eller kulturskribentar. I Austblokka var det ofte innan intelligentsiaen ein fann dissidentmiljøa, utan at denne unisont stod mot styresmaktene.

Idretts-sosiologen Arve Hjelseth har hevda at intelligentsiaen no er i ferd med å erstattast av ein tradisjonell, vesteuropeisk middelklasse.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Intelligentsia» i Det Norske Akademis ordbok
  2. «intelligentsia». Store norske leksikon (på bokmål). 20. februar 2018. 
  3. Trening, knefall og forfallDagbladet