Intendantur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Intendanturen er ein militær institusjon som skal sørgja for alt utstyr og materiell bortsedd frå våpen, òg mat til soldatane. Intendenturförrådet på Skeppsholmen i Stockholm vart bygd som statleg kornkammer i 1732, men vart lage for den svenske hæren 1795. Bygningen vart freda 1935.

Intendantur er militære avdelingar som ordnar med forpleiing, kleding, visse former for utrusting, drivstoff, brensel og kvarter- og kontormateriell. Organa har òg ansvar for rekneskap. Intendanturet er ofte ei eiga Våpengrein.

I Noreg har kvar av dei tre forsvarsgreinene Hæren, Sjøforsvaret og Luftforsvaret sin intendantur.[1] På 1700-talet hadde kommissariatvesenet ansvar for forpleining av soldatar i felt. I 1825 vart ansvarsområda samla ved at det vart oppretta eitt embete som arméintendant og éi stilling som depotforvalter for å styra lagera til hæren.[2] I dag er Intendanturen til hæren (HI) ein del av logistikkvåpenet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Intendant, forvaltar, styrer ved slott, museum og liknande, rekneskapsførar eller offiser som er ansvarleg for forsyningar av proviant og anna utstyr
  • Intendanturen til hæren
  • Logistikkorganisasjonen til forsvaret
  • Tren, militære forsyningsavdelingar eller -køyretøy
  • Marketenteri, utsalgssted for matvarer og lignande til soldatar i felt eller garnison

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Oppslagsordet «Indentatur» i
  2. Søkbar kopi av

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.