Interior Design

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Interior Design
Studioalbum av Sparks
Utgjeve August 1988
Studio The Pentagon Studio, Los Angeles, California
Sjanger Synth-pop
Lengd 44:25
Selskap Fine Art
Produsent Ron Mael, Russell Mael
Sparks-kronologi 
Music That You Can Dance To
(1986)
Interior Design Gratuitous Sax & Senseless Violins
(1994)


Singlar frå Interior Design
  1. «So Important»
    Utgjeve: Juli 1988
  2. «Just Got Back from Heaven»
    Utgjeve: August 1989
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic2.5/5 stars[1]

Interior Design er det femtande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Sparks, gjeve ut i august 1988 av Fine Art Records.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Interior Design gjorde lite for å snu den negative trenden for gruppa og gjekk ikkje inn på albumlisten ei verken USA eller Storbritannia. Singlane «So Important» and «Just Got Back From Heaven» gjorde det noko betre og begge nådde topp 10 på Billboard Hot Dance Music/Club Play-lista med høvesvis åttandeplassen[2] og sjuandeplassen[2]. «Just Got Back From Heaven» nådde òg 24. plassen på Hot Dance Music/Maxi-Singles Sales-lista.[2]

CD-versjonar av albumet kom med fleire bonusspor, inkludert tre versjonar av det siste sporet på LP-plata, «Madonna», ein remiks av «So Important» og den korte instrumentalen «The Big Brass Ring». I 2008 gav Sparks sitt eige selskap, Lil' Beethoven Records, ut albumet i ei digipak-utgåve med dei same bonusspora.

Alternativ tittel[endre | endre wikiteksten]

Av ulike årsaker har Interior Design vore gjeve ut fleire gonger i ulike delar av Europa som ein billig-CD. Den vanlegaste nye tittelen er Just Got Back From Heaven. Men mange andre versjonar er gjevne ut med bilete frå midten av 1970-åra av bandet. I andre marknader vart albumet gjeve ut som om det var eit samlealbum.

Dei alternative titlane på Interior Design har vore: Just Got Back from Heaven (Soundwings, Success, Hallmark Music & Entertainment), The World of the Sparks / Madonna (Trace Trading), So Important (Trend, LaserLight Digital), Gold (Gold), The Magic Collection (ABC Records).

Turné[endre | endre wikiteksten]

Interior Design var det første Sparks-albumet sidan No. 1 In Heaven i 1979 som ikkje vart følgd opp av konsertar. Men dei sette i verk ei hending kalla Love-O-Rama på butikken Tower Records i Sherman Oaks i California den 15. september 1988.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ron Mael og Russell Mael.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«So Important»4:33
2.«Just Got Back From Heaven»4:09
3.«Lots Of Reasons»3:47
4.«You've Got a Hold of My Heart»4:58
5.«Love-O-Rama»4:44
Side to
Nr.TittelLengd
6.«The Toughest Girl in Town»4:16
7.«Let's Make Love»4:45
8.«Stop Me if You've Heard this Before»3:41
9.«A Walk Down Memory Lane»4:53
10.«Madonna»4:39
Bonusspor på CD-utgåva
Nr.TittelLengd
11.«Madonna» (fransk versjon)4:39
12.«Madonna» (tysk versjon)4:39
13.«Madonna» (spansk versjon)4:39
14.«The Big Brass Ring»2:20
15.«So Important» (Extremely Important Remix)7:02

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Russell Mael - vokal, produsent
  • Ron Mael - klaverinstrument, produsent
  • Spencer Sircombe - gitar
  • Pamela Stonebrooke - korvokal
  • John Thomas - klaverinstrument, lydteknikar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic review
  2. 2,0 2,1 2,2 «Allmusic - Billboard Singles - Sparks». Billboard. Henta 28. april 2022.