Interkulturalisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Interkulturalisme viser til fremjinga av transkulturell dialog og utfordrar sjølvsegregerande tendensar mellom kulturar.[1] Interkulturalismen inneber å gå over den meir passive multikulturalistiske aksepten for at forskjellege kulturar finst i samfunnet, og søkjer å fremje dialog og interaksjon mellom kulturar.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Interkulturalismen oppstod som eit svar til kritikk av samtidig multikulturalistisk politikk, som argument om at denne har mislyktest å oppnå inkludering av forskjellege kulturar i samfunnet. I staden har har legitimert at samfunnet er blitt delt opp i fråskilde grupper som har isolert seg sjølve og som har framdyrka særmerkene sine.[3] Interkulturalisme er i staden meint å erkjenna både skilnader og likskapar mellom kulturar.[4] Han skal redusere risikoen for å skape absolutt relativisme som finst i postmoderniteten og i multikulturalismen.[5]

I sitt verk Cultivating Humanity skildrar filosofen Martha Nussbaum interkulturalismen som «erkjenninga av felles menneske behov blant kulturane og av dissonans og kritisk dialog blant kulturane» og at interkulturalistane «avviser kravet for identitetspolitikk som berre tillet medlemmane av visse grupper å forstå omfatninga av desse gruppene».[6]

Interkulturalismen har både tilhengjarar og motstandarar blant støttespelarar fro multikulturalismen.[7] Gerald Delanty reknar interkulturalismen for å vere i stand til å inkludere multikulturalismen i seg sjølv.[8]. Til motsats reknar Nussbaum multikulturalisme som distinkt frå multikulturalisme. Ho peikar på at fleire humanioraprofessorar har valt interkulturalismen framfor multikulturalismen fordi dei såg på multikulturalismen som «knytt til relativisme og identitetspolitikk».[9]

Interkulturalisme i samfunnet[endre | endre wikiteksten]

I 2005 vedtok SN-organisasjonen UNESCO Konvensjon om vern og promotering av diversitet og kulturelle uttrykk, som støtter interkulturalitet.[10]

I Tyskland er alle universiteta påkravde å ha ei avdeling for interkulturell kompetanse i sosialarbeidsprogramma sine. Dette er stader der studentane kan kommunisere ope med og lytte på folk frå forskjellege kulturelle bakgrunnar, få kjennskap til dei kulturelle bakgrunnane til visse kulturelle grupper og studera noverande stereotypar og fordommar knytt til ulike grupper.[11]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Multiculturalism's Double-Bind: Creating Inclusivity Cosmopolitanism and Difference. Ashgate Publishing, Ltd., 2009. P. 169.
  2. Ibanez B. Penas, Ma. Carmen López Sáenz. Interculturalism: Between Identity and Diversity. Bern: Peter Lang AG, 2006. P. 15.
  3. Multiculturalism's Double-Bind: Creating Inclusivity Cosmopolitanism and Difference. Ashgate Publishing, Ltd., 2009. P. 169.
  4. Hans van Ewijk. European Social Policy and Social Work: Citizenship-Based Social Work. Oxon, England, UK; New York, New York, USA: Routledge, 2010. P. 136.
  5. Hans van Ewijk. European Social Policy and Social Work: Citizenship-Based Social Work. Oxon, England, UK; New York, New York, USA: Routledge, 2010. P. 136.
  6. Femi James Kolapo. Immigrant Academics and Cultural Challenges in a Global Environment. Amherst, New York, USA: Cambria Press, 2008. P. 134. ("the recognition of common human needs across cultures and of dissonance and critical dialogue within cultures" [...] "reject the claim of identity politics that only members of a particular group have the ability to understand the perceptive of that group")
  7. Multiculturalism's Double-Bind: Creating Inclusivity Cosmopolitanism and Difference. Ashgate Publishing, Ltd., 2009. P. 169.
  8. Gerald Delanty. Community: 2nd edition. Routledge, 2009. P. 71.
  9. Femi James Kolapo. Immigrant Academics and Cultural Challenges in a Global Environment. Amherst, New York, USA: Cambria Press, 2008. P. 134.
  10. UNESCO Convention on the Protection and Promotion of the Diversity of Cultural Expressions, Article 4 Paragraph 8.
  11. Hans van Ewijk. European Social Policy and Social Work: Citizenship-Based Social Work. Oxon, England, UK; New York, New York, USA: Routledge, 2010. P. 136.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]