Intermedio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Scenografi av Bernardo Buontalenti for tredje intermedio frå Medici-bryllaupet: Apollon overvinn monsteret som terroriserer Delos.

Intermedio eller intermezzo var i den italienske renessansen ei framsyning, gjerne med dans, som blei framført som mellomakt i skodespel oppført for å feira særskilde hendingar ved hoffet. I byar som Firenze og Ferrara var bryllaupet til herskarfamiliane (eller liknande statlege arrangement) det vanlegaste høvet til å ha storslåtte intermediar. Dei best dokumenterte blei oppførte under bryllaupsfestane til Medici-familien: I 1589 finansierte storhertugen av Toscana ikkje mindre enn 18 festivalbøker og andre trykksaker i samband med bryllaupet til Ferdinando de' Medici og Christina av Lorraine.[1]

Blømingstida til forma var seint på 1500-talet, men det blei skrive og framført intermediar frå seint 1400-tal og gjennom heile 1600-talet. Etter 1600 gjekk forma inn i operaen, eventuelt som mellomspel. I nokre samanhengar kunne ein framleis òg bruka intermediar i skodespel.

Liknande former utanfor Italia[endre | endre wikiteksten]

I Frankrike utvikla det seg ei liknande form på same tid som i Italia. Den franske forma blei kalla intermède, og var meir basert på dans enn den italienske.

Engelsk masque har mange likskapar med italiensk intermedio, men opphavet var ikkje meint som «fyll» mellom aktene.

Intermezzoet i opera seria frå 1700-talet viser trekk frå renessanseforma, og var korte komiske mellomspel som var plasserte mellom aktene i dei elles «heroiske» seria-verka.

Den nordtyske kyrkjemusikk-komponisten Thomas Selle fletta fleirkorige motettar som han kalla Intermedien inn mellom bibelhistoriene i pasjonane sine for å oppsummera og kommentera forteljingane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Reed & Wallace:205-7

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Warren Kirkendale, Emilio De' Cavalieri Gentiluomo Romano, (Florence, 2001).
  • Alois Nagler, Theatre Festivals of the Medicis 1539-1637, 1964, Yale UP
  • The New Harvard Dictionary of Music, red. Don Randel. Cambridge, Massachusetts, Harvard University Press, 1986. ISBN 0-674-61525-5
  • Reed, Sue Welsh & Wallace, Richard (red.), Italian Etchers of the Renaissance and Baroque, 1989, Museum of Fine Arts, Boston, ISBN 0-87846-306-2 eller 304-4 (paperback)
  • James Saslow: The Medici Wedding of 1589, Yale University Press, 1996