Internasjonal politikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Foto: Damzow

Internasjonal politikk (IP) eller internasjonale relasjonar (IR), òg kalla internasjonale studiar (engelsk International Relations, International Studies eller International Affairs), er det vitskaplege studiet om høva mellom statane i verda.[1] Studiet fokuserer på mellomstatleg aktivitet, som diplomati, handel, utanrikspolitikk og væpna konfliktar, og dessutan høva til og mellom internasjonale aktørar, som internasjonale politiske og økonomiske organisasjonar, internasjonale domstolar, ikkje-statlege organisasjonar og fleirnasjonale selskap.

Internasjonale relasjonar kan anten studerast som ein statsvitskapleg disiplin, der hovudvekta ligg på studiet av utanrikspolitikk, diplomati, væpna konfliktar og dessutan moderne verdshistorie,[2] eller ein meir tverrfagleg disiplin der også internasjonal økonomi og folkerett vert inkludert.[3] I Noreg vert det statsvitskaplege studiet av internasjonale relasjonar ofte kalla internasjonal politikk, medan det tverrfaglege studiefeltet vert kalla internasjonale studiar.

Internasjonal politikk som moderne fagdisiplin er relativt nytt, og oppstod i kjølvatnet av den fyrste verdskrigen, då ei veksande gruppe statsvitarar ynskte å finna svar på korleis mellomstatlege konfliktar og krigar oppstod, og korleis desse kunne handterast og mogelegvis forhindrast. Samstundes som verda vart stadig meir globalisert, vart studiet av mellomstatleg aktivitet åtaka frå disiplinar som økonomi, historie og rettsvitskap, og konvergerte over tid til eit heilskapleg studiefelt.[4]

Aberystwyth University i Wales var fyrst ute med eige gradsstudium i internasjonale relasjonar, der bachelorgrad vart tilbode allereie i 1919.[5] Utover 1920-talet fylgde mellom anna London School of Economics og University of Oxford etter med eigne studiar innanfor fagfeltet, noko som bidrog til å gjeva faget sjølvstende og prominens.[6]

Terminologi[endre | endre wikiteksten]

Internasjonale relasjonar er i Skandinavia og Noreg tradisjonelt studert som ein undergrein av statsvitskapen, under terminologien internasjonal politikk.[7] I denne samanhengen gjeld IR studiet av politiske forbindingar mellom statar; utanrikspolitikk, diplomati, forsvar, internasjonale organisasjonar og moderne verdshistorie.[8][9][10] I engelskspråklege krinsar kan mellombels internasjonale relasjonar òg visa til eit meir tverrfagleg studium der også internasjonal økonomi og folkerett er sentrale fag. I Noreg vert dette kalla internasjonale studiar, for å skilja det tverrfaglege studiet av internasjonale relasjonar frå det statsvitskaplege studiet av internasjonal politikk.[11][12][13] I akademiske journalar og daglegtale nyttar ein terminologien internasjonal politikk og internasjonale studiar stort sett om kvarandre om det same fagfeltet IR, der fokuset ligg på studiar av forbindingane mellom verdas statar, både politisk, økonomisk og juridisk.[14]

Teoriretningar[endre | endre wikiteksten]

Innanfor studiet av internasjonal politikk finst det ei rekkje teoriar som på ulikt vis freistar å skildra korleis statar oppfører seg – og kvifor dei gjer det dei gjer – i det internasjonale systemet, såkalla internasjonal politisk teori. Desse kan grovt sett delast inn i dei tre hovudgreiner: realisme, liberalisme, og konstruktivisme.[15]

Realisme[endre | endre wikiteksten]

Realismen som teori hevdar det internasjonale samfunnet er eit anarki, som fylgje av fråværet av ei overordna makt på det internasjonale plan.[16] Dette resulterer i at alle sjølvstendige statar til einkvar tid er overlatne til seg sjølv, økonomisk, militært, og tryggingspolitisk for å overleva i den anarkiske verda. I tillegg legg realistane vekt på at internasjonal samhandling stort sett byggjer på dei strategiske vurderingane til statar på korleis dei sjølv kan skaffa seg mest mogeleg makt, i form av eit sterkt forsvar, ein sterk og sjølvstendig økonomi, og eit mektig diplomati. I realistisk teori er suverene statar dei viktigaste aktørane i internasjonal politikk – det vil seia at internasjonale organisasjonar og domstolar berre er ein reiskap for individuelle statar for å fremja eigne interesser, og dimed av liten relevans som reint sjølvstendige subjekt. Statar vert sedde på som unitære aktørar, der eit sentralt maktapparat internt stort sett styrer korleis utanrikspolitikk vert utforma.[17] Realismen er høvesvis ein pessimistisk teori som meiner fred mellom alle land i verda er uunngåeleg.

Sentrale tenkjarar innan realismen er Hans Morgenthau, Kenneth Waltz og John Mearsheimer.

Realismens historie[endre | endre wikiteksten]

Realismen er den eldste teorien innan internasjonale studiar, og kan seiast å ha sin idéhistoriske byrjing i den greske strategen og historikaren Thukydid sine skriftlege observasjonar etter Peleponnesarkrigen mellom Sparta og Aten. Her skreiv han fylgjande: «Dei sterke gjer kva dei kan, medan dei svake lid kva dei må» (Engelsk The strong do what they can while the weak suffer what they must).[18] Det er altså den sterkaste som styrer – mektige statar gjer kva makta deira tillèt dei å gjera, medan veike statar må tola å lida. Seinare fylgjer fleire tekstar i same bane, mellom anna boka Fyrsten til Machiavelli, som kan skildrast som ei detaljert handbok i å skaffa seg og halda på makt i dei italienske bystatane på 1500-talet. Her er det inngåande skildra at bruk av militær makt er viktig for å sikra overlevinga og legitimiteten til statar. Seinare kom Thomas Hobbes innverknadsrike verk Leviathan, som også er nemnt som ei viktig inspirasjonskjelde for politisk realisme – her vart politikk skildra som ein kontinuerleg maktkamp mellom menn i ein anarkistisk verda; vidare heita det at statar vart påverka av den ibuande egoismen og eigeninteressa til menneske, som dimed handla på tilsvarande måte.[19]

Den fyrste til å nytta desse idéane til å formulera ein samanhengande teori var den tysk-amerikanske statsvitaren Hans Morgenthau med boka Politics Amongst Nations frå 1948. Morgenthau meinte internasjonal politikk vart styrt på bakgrunn av objektive lover med røter i menneskenaturen. Desse lovene var stort sett dei same primitive naturlovene som i boka Leviathan til Hobbes. Vidare la Morgenthau fram eit trekk som er viktig i alle typar politisk realisme: at statar er rasjonelle aktørar. Dette tyder at statar gjer ei rasjonell vurdering av ein gjeven politisk situasjon, for dinest å nytta dei midla staten har til rådvelde for å verna dei nasjonale interessene sine på best mogeleg vis.[20]

Liberalisme[endre | endre wikiteksten]

Liberalismen hevdar, til skilnad frå realismen, at statar ikkje er fullkome sjølvstendige subjekt, men derimot er innbyrdes avhengig av kvarandre igjennom økonomiske samband og deltaking i internasjonale organisasjonar, t.d. FN, EU og NATO. Mellomstatlege organisasjonar, transnasjonale selskap, og friviljuge organisasjonar vert tillagde stor innverknad og eigenverdi, av di dei over tid kan opparbeida seg stor innverknad og sjølvstende, og etterkvart utøvd innverknad på statar som er medlem. Statane vert dimed sedde til side, sidan handlingane deira er strengt handsama av eit regulert internasjonalt system som legg føringar på utanrikspolitikken deira.

Til skilnad frå realismen vert statar i liberalismen sett på som pluralistiske arenaer der mellom anna næringsliv, organisasjonar og embetsverk speler inn i utviklinga av utanrikspolitikk.

Liberalismen er ein høvesvis optimistisk teori. Både realismen og liberalismen er samde om at verda er anarkisk – inkje overordna herredøme – likevel meiner liberalistane, til skilnad frå realistane, at internasjonal fred kan vera mogeleg å oppnå igjennom ulike samarbeidsplattformer, mellomstatlege organisasjonar og mellomstatlege politiske og økonomiske semjer.

Liberalismens historie

Det liberalistiske perspektivet kan seiast å ha sitt idéhistoriske opphav ifrå essayet Til den evige freden frå 1775 av Immanuel Kant. Kant meinte statar over tid ville verta meir og meir samanvevd igjennom økonomisk og politisk samarbeid, og enda med å danna ein føderasjon av statar der varig fred vil herska.[21] I moderne tid gjorde liberalisme seg gjeldande som IP/IR-teori sidan verdssamfunnet – særleg Vesten – verka særs fredeleg i tiåra etter den andre verdskrigen, og at dette såg ut til å kunna sporast tilbake til økonomisk samarbeid igjennom organisasjonar som IMF, GATT og Verdsbanken, og dessutan politisk samarbeid igjennom FN, Europarådet og OECD, for å nemna nokre. Realismen og fokuset hans på aggressiv utanrikspolitikk vart sett på som gamaldags, og eit nytt paradigme for analyse av verdssamfunnet vart dimed konstruert – liberalismen.[22]

Konstruktivisme[endre | endre wikiteksten]

Konstruktivismen vart utvikla på 80-talet inspirert av sosiologiske idéar som sosial konstruktivisme. Konstruktivistane legg vekt på at verda er sosialt konstruert av menneska. Konstruktivistisk analyse legg vekt på at det er normer, idéar og identitetar som er gjeldande i det internasjonale samfunnet. I konstruktivismen analyserer ein eit mangfald av aktørar; då fyrst og fremst menneske, og korleis desse samhandlar med kvarandre, og skapar normer, idéar og identitetar som definerer internasjonal samhandling. Igjennom kontinuerleg samhandling vert statsleiarar sosialisert med kvarandre, og det er fyrst og fremst deira verdssyn som definerer internasjonale relasjonar. Til dømes dersom statsleiarar vert sosialiserte til den norma at kjemiske våpen er rangt, vil dette definera krigføring. Vert identiteten til Sovjetsamveldet stempla som eit «vondt imperium» vil dette påverka oppfatninga deira av røyndomen, og dimed påverka åtferda deira. Dersom europeiske avgjerdstakarar har ein idé om Europa som eitt kulturelt og historisk fellesskap, vil dette langt på veg forklåra mykje av kvifor den europeisk integrasjonen har kome såpass langt. Med andre ord er det normer, idéar og identitetar og korleis desse vert forma og vert nytta av aktørane på det internasjonale planet som er definerande i konstruktivismen.

Sentralt står Alexander Wendt som tenkjar innan konstruktivismen.

Andre teoriar[endre | endre wikiteksten]

Avhengnadsteori[endre | endre wikiteksten]

Avhengnadsteori stammar frå marxistisk litteratur, og ser på verdssamfunnet som eit anarkisk system der makt er sentralisert hjå somme statar, som utnyttar mindre mektige statar i periferien for eiga vinning. Avhengnadsteorien hevdar at mektigare statar – særleg rike vestlege land – er avhengige av ei gruppe fattigare periferistatar for å sikra eigen rikdom. Fattige land tilbyd naturressursar, billig arbeidskraft, og viktige arenaer for eksport, som rike land nyttar seg flittig av for eiga økonomisk vinning. Relevante døme kan vera kontrollen Frankrike har over bank- og telesystem i frankofone afrikanske land, og den økonomiske dominansen USA har i latinamerikanske land igjennom multinasjonale korporasjonar.[23][24][25]

Feminisme[endre | endre wikiteksten]

Feminisme er til dels teke i bruk innanfor konstruktivistisk analyse for å forklåra korleis det internasjonale systemet er prega av konflikt av di normer som er assosiert med maskulinitet. Kvinner i politikken har andre perspektiv på utanrikspolitikk; i all hovudsak vert det lagd stor vekt på at kvinner oftare vel diplomati, fredeleg konflikthandtering og samarbeid.[26]

Postkolonisme[endre | endre wikiteksten]

Postkolonisme fokuserer på konsekvensane av kolonialisme og imperialisme, og meiner fylgjeleg at verda vert styrt på bakgrunn av ei eurosentrisk sjon.[27] Dagens haldningar, handlemåtar og strukturar i det internasjonale samfunnet er i Vestens favør som fylgje av historiske hendingar. Dei meiner difor at den noverande praksisen i internasjonal politikk er av rasistisk og dehumaniserande karakter.

Grøn teori[endre | endre wikiteksten]

Grøn teori har ei økosentrisk sjon som meiner ein må hindra global oppvarming og verna om naturområde. Grøn teori utfordrar dagens politiske, sosiale og økonomiske strukturar.[28] Dei meiner tradisjonelle former av diplomati, folkerett, forhandlingar, internasjonale organisasjonar ikkje er nok for å løysa utfordringane med klima. Dei meiner ein må difor arbeida meir på tvers av faglege og statlege grenser, i tillegg til å taka meir omsyn til sårbare grupper, urfolk, små og fattige statar, dyreliv og natur.[29]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «International relations | politics» (på engelsk). Henta 21. april 2021. 
  2. Caramani, Daniele (2020). Comparative Politics. Oxford University Press. s. 1. ISBN 9780198820604. 
  3. «Definition of INTERNATIONAL RELATIONS» (på engelsk). Henta 4. desember 2020. 
  4. «International relations - Between the two world wars» (på engelsk). Henta 1. februar 2021. 
  5. «Where exactly does ‘International Relations’ begin? |Ritsumeikan University». Henta 4. august 2020. 
  6. Carlsnaes, Walter, red. (2012). Handbook of International Relations. SAGE Publications. s. 1–28. ISBN 9781446265031. 
  7. Knudsen, Olav Fagelund (5. juni 2020). «internasjonal politikk – studiefelt». Store norske leksikon (på norsk bokmål). Henta 4. desember 2020. 
  8. «STV1200 – Internasjonal politikk - Universitetet i Oslo». www.uio.no (på norsk). Henta 15. april 2021. 
  9. «Emne - Spesialiseringsemne i statsvitenskap: Internasjonal politikk - POL2013 - NTNU». www.ntnu.no. Henta 15. april 2021. 
  10. «Bachelor i internasjonale relasjoner». Nord universitet (på norsk bokmål). Henta 15. april 2021. 
  11. «Definition of INTERNATIONAL RELATIONS». www.merriam-webster.com (på engelsk). Henta 4. desember 2020. 
  12. «What is International Relations | What is International Studies» (på engelsk). Henta 4. desember 2020. 
  13. «International relations | politics». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 4. desember 2020. 
  14. «Internasjonal Politikk». tidsskriftet-ip.no (på norsk bokmål). Henta 4. desember 2020. 
  15. «Theories of International Relations». Henta 4. august 2020. 
  16. Østerud, Øyvind (2007). Statsvitenskap. Innføring i politisk analyse. Oslo: Universitetsforlaget. s. 235–245. 
  17. Dunne, T., & Schmidt, B. C. (2020). Realism. I J. Baylis, S. Smith, & P. Owens (Eds.), The Globalization of World Politics: An Introduction to International Relations. (s. 130–144). Oxford: Oxford University Press.
  18. Crane 1998, s. 61-65.
  19. Korab-Karpowicz, W. Julian (2018). «Political Realism in International Relations». I Zalta, Edward N. The Stanford Encyclopedia of Philosophy. Metaphysics Research Lab, Stanford University. Henta 4. august 2020. 
  20. Korab-Karpowicz, W. Julian (2018). «Political Realism in International Relations». I Zalta, Edward N. The Stanford Encyclopedia of Philosophy. Metaphysics Research Lab, Stanford University. Henta 4. august 2020. 
  21. «Liberalism» (på engelsk). Henta 12. mars 2021. 
  22. Doyle, Michael W. (desember 1986). «Liberalism and World Politics». American Political Science Review (på engelsk) 80: 1151–1169. ISSN 0003-0554. doi:10.2307/1960861. Arkivert frå originalen 11. juli 2020. Henta 12. mars 2021. 
  23. Venkatachalam, Meera. «Despite the rhetoric, Macron isn’t about to loosen France’s paternalistic grip in Africa» (på engelsk). Henta 4. august 2020. 
  24. Stepan, Alfred (15. september 2015). «The United States and Latin America: Vital Interests and the Instruments of Power» (på engelsk). ISSN 0015-7120. 
  25. «Politikk og makt - versjon 2:», politikkogmakt-versjon2.cappelendamm.no, henta 6. februar 2023 
  26. Gender matters in global politics : a feminist introduction to international relations (2. utg.). 2015. ISBN 1-134-75252-0. 
  27. «Postcolonial Theory», obo (på engelsk), henta 9. februar 2023 
  28. Dyer, H.C. (2017) Green Theory. i McGlinchey, S.; Walters, R. & Scheinpflug, C. (red.) International Relations Theory. E-International Relations , Bristol, England , s. 84–90. ISBN 978-1-910814-19-2
  29. Burke, A.; Fishel, S.; Mitchell, A.; Dalby, S.; Levine, D.J. (2016) 'Planet Politics: A Manifesto from the End of IR', Millennium: Journal of International Studies, vol. 44, s. 499–523, http://dx.doi.org/10.1177/0305829816636674

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Baylis, John; Steve Smith & Patricia Owens (red.)(2008): The globalization of world politics: an introduction to international relations. Oxford: Oxford University Press.
  • Morgenthau, Hans. (1993 [1948]): Politics Among Nations: The Struggle for Power and Peace. Boston: McGraw-Hill
  • Waltz, Kenneth. (1959): Ein, the State, and War New York: Columbia University Press.
  • Wendt, Alexander. (1999). Social Theory of International Politics.
  • Østerud, Øyvind. (2002): Statsvitenskap. Innføring i politisk analyse. Oslo: Universitetsforlaget.
  • de Carvalho, B., & Leira, H. (2020). Hva er internasjonal politikk. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Eckersley, Robyn (2007). «Green Theory» (PDF). I Dunne, Tim; Kurki, Milja; Smith, Steve. International Relations Theories: Discipline and Diversity. Oxford: Oxford University Press. s. 247–265. ISBN 978-0-19-929833-4. Arkivert frå originalen (PDF) 15. oktober 2012.