Stormeister i sjakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stormeister i sjakk eller Sjakkstormeister er ein sjakktittel som Verdssjakkforbundet (FIDE) deler ut til svært sterke sjakkspelarar som har klart krava til denne tittelen i internasjonale sjakkturneringar. Tittelen blir ofte forkorta til IGM eller GM, for International Grand Master eller berre Grand Master. Det var per 1. april 2021 1725 stormeistrar i sjakk.[1] Tittelen er livsvarig.

FIDE delar også ut fleire titlar med lågare rang, sjå eiga side om sjakktitlar.

Krava til stormeistertittelen no[endre | endre wikiteksten]

Krava til tittelen er i korte trekk at spelaren må ha klart sterke prestasjonar, i 2 eller 3 sjakkturneringar, med til saman minst 27 sjakkparti. Sjakkturneringane må vanlegvis vere på minst 9 rundar. Prestasjonane må etter Verdssjakkforbundet sitt ratingsystem tilsvare ein rating på minst 2600. Dei viktigaste andre krava, er at spelaren må ha spela mot minst 3 stormeistrar i turneringa, at minst halvparten av motstandarane må ha ein offisiell FIDE-tittel, og at minst ein tredjedel av spelarane må vere frå eit anna land.

Det blir også kravd at spelaren på eit eller anna tidspunkt har hatt eigen rating på over 2500.

Dei 27 første offisielle stormeistrane[endre | endre wikiteksten]

I 1950 innførte Verdssjakkforbundet FIDE den offisielle tittelen Stormeister i sjakk. Nemninga hadde blitt brukt før, men det vart no også innført reglar for kva som skulle til for å oppnå tittelen. Den lågare grada Internasjonal Meister i sjakk vart innført samtidig. Titlane vart delt ut av generalforsamlinga i FIDE etter forslag frå ein sakkunnig kvalifikasjons-komite.

I 1950 var det altså 27 spelarar som fekk stormeister-tittelen:

For det første dei aktive toppspelarane i verda: verdsmeisteren i sjakk Mikhail Botvinnik, og dei som hadde kvalifisert seg for den første kandidatturneringa i sjakk i 1950:

Boleslavskij, Bondarevskij, Bronstein, Euwe, Fine, Flohr, Keres, Kotov, Lilienthal, Najdorf, Reshevsky, Smyslov, Ståhlberg og Szabó.

Vidare 12 spelarar som i 1950 var over sitt beste, men som vart rekna som å ha vore av verdsklasse då dei var på topp: Ossip Bernstein, Oldrich Duras, Ernst Grünfeld, Borislav Kostić, Grigorij Levenfisj, Géza Maróczy, Jacques Mieses, Viacheslav Ragozin, Akiba Rubinstein, Friedrich Sämisch, Savielly Tartakower og Milan Vidmar.

Det gjekk raskt politikk i dette, og Efim Bogoljubow, som hadde spela tvekamp to gongar om verdsmeisterskapen i sjakk mot Alexander Alekhine på 1930-talet fekk ikkje stormeistertittelen i 1950. Dette hadde samanheng med at Bogoljubow hadde spela sjakkturneringar i Nazi-Tyskland under 2. verdskrigen. I 1951 fekk Bogoljubow likevel tittelen, etter ei avstemming med 13 for og 8 mot, og med 5 som avstod. Jugoslavia støtta tildelinga, men resten av kommunistlanda i Aust-Europa stemte imot.

Sjakk-vedunderbarn[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Sjakk-vedunderbarn.

Somme sjakk-vedunderbarn har klart krava til stormeistertittelen i sjakk i svært ung alder. Rekorden har no Sergej Karjakin frå Ukraina, som i august 2002 klarte krava til tittelen i ein alder av 12 år og 7 månader.

Norske stormeistrar i sjakk[endre | endre wikiteksten]

Noreg har 19 sjakkspelarar som har oppnådd å bli stormeistrar i sjakk (pr. 19. desember 2023). Desse er, med året for tittelen i parantes:

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]