Internasjonalt kontrollregime for missilteknologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Medlemsland er farga

Missile Technology Control Regime (MTCR) er eit uformelt og frivillig partnarskap mellom 34 land for å hindra spreiing av missilteknologi for kjernevåpen. Opphavsmannen til partnarskapen var dr. Richard H. Speier.

Historie[endre | endre wikiteksten]

The Missile Technology Control Regime (MTCR) vart etablert i april 1987 for å tøyma spreiinga av umanna kjernefysiske rakettar, særleg rakettar som kunne bera små våpen, 500 kg/ 300 km vart sett som grense.

Dei sju landa som starta partnarskapen i 1987 var Canada, Frankrike, Tyskland, Italia, Japan, Storbritannia og USA. Tre år seinare kom sju nye land med. Det var Australia, Belgia, Danmark, Luxembourg, Nederland, Noreg og Spania. Så følgde Finland, New Zealand, Sverige og Austerrike i 1991 . Året etter kom Hellas, Irland, Portugal og Sveits med i partnarskapen og i 1993 vart Argentina, Island og Ungarn med. I 1995 vart Brasil, Russland og Sør-Afrika med, og frå 1997 Polen og Tyrkia. Tsjekkia og Ukraina kom året etter, og i 2001 kom Sør-Korea med. Siste land som har slutta seg til MTCR er Bulgaria, som kom med i 2004.

På det årlege møtet i Oslo i juli 1992, som vart leidd av avdelingsdirektør Sten Lundbo i Utenriksdepartementet, vart den semja om å utvida perspektivet til MTCR til å la ikkespredningsperspektivet omfatta alle masseøydeleggingsvåpen. Ein fjerna òg terskelen på 500 kg/ 300 km. Forbodne materialar er delt i to kategoriar, som vert lista i «MTCR Equipment, Software, and Technology Annex».

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Medlemskapen har vakse frå dei opphavlege 7 medlemsland til no å omfatta 34 land med tre tilleggsnasjonar, inkludert Israel, som einsidig har knytt seg til retningslinjene. I 2002 fekk partnarskapen ein supplerande traktat, International Code of Conduct against Ballistic Missile Proliferation (ICOC), òg kjent som «the Hague Code of Conduct», som krev tilbakeholdenhet og varsomhet i spreiinga av umanna leveringssystemer, uansett rekkjevidd eller last, og som har 119 medlemmar. Den arbeider parallelt med MTCR, men har breiare restriksjonar og større mengd medlemsland.

Sidan etableringa har MTCR hatt suksess med å hjelpa å forseinka eller stoppa fleire ballistiske missilprogram:

  • Argentina, Egypt og Irak avslutta sit felles «Condor II-program».
  • Brasil, Sør-Afrika, Sør-Korea, og Taiwan la òg på hylla eller fjerna missilprogram eller romrakettprogram.
  • Nokre austeuropeiske land, som Polen og Tsjekkia øydela ballistiske misssiler, delvis for å betra sina sjansar for å verta med i MTCR.

I oktober 1994 etablerte medlemslanda ein felles politikk som innebar at om eit land nektar å selja ein teknologi, må alle medlemmane retta seg etter det. Slik ynskte ein å styrkja og gjera retningslinjene for MTCR meir like. ICOC, som vart starta av medlemmar av MTCR, tok prinsippa i denne regelen og utvida dem og tilbaud medlemskap til alle nasjonar. Slik har 117 land no innført eksportkontroll for å tøyma spreiinga av slike våpen.

Folkerepublikken Kina er ikkje medlem av MTCR, men har vedteke å halda seg til dei originale retningslinjene frå 1987, ikkje dei følgjande revisjonane. Kina lova først munnleg å følgja MTCR i november 1991, detta vart følgt opp av brev frå utanriksministeren i landet i 1992. Landet gjentok forpliktinga i avtala mellom USA og Kinas felles fråsegn i 1994, noko dei gjentok i 1997. (Kilde: Center for Nonproliferation Studie sin)

Medlemsland[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]