International Campaign to Abolish Nuclear Weapons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
International Campaign to Abolish Nuclear Weapons

Skipaapril 2007
HovudkontorGenève
Omsetjing1 205 427 euro (2019) Sjå dette på Wikidata
Nettstadwww.icanw.org

The International Campaign to Abolish Nuclear Weapons, (ICAN) er ein global kampanje som arbeider for å mobilisere folk i alle land til å inspirere, overtale og presse regjeringane til å støtte forhandlingar om ein traktat som forbyr kjernefysiske våpen. Ein slik traktat mot atomvåpen vart vedteke av eit stor fleirtal av medlemsnasjonane i Dei sameinte nasjonane 7. juli 2017. Noreg og andre medlemsnasjonar i NATO var av dei som røysta mot denne traktaten.

ICAN vart skipa i 2007 og har meir enn 270 partnerorganisasjonar i 60 land. Hovudkontoret ligg i Genève i Sveits.

I 2017 vann kampanjen Nobels fredspris for «sitt arbeid med å påpeke de katastrofale humanitære konsekvensene av enhver bruk av atomvåpen og for sin banebrytende innsats for å få til et traktatfestet forbud mot slike våpen».[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nobels Fredspris 2017». Nobelprize.org. Henta 6. oktober 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]