International Submarine Band

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The International Submarine Band
Aktiv1966–1968
SjangerCountryrock
Tilknytte artistarThe Byrds
The Flying Burrito Brothers
PlateselskapLHI
Tidlegare medlemmerGram Parsons
John Nuese
Ian Dunlop
Mickey Gauvin
Jon Corneal
Bob Buchanan
Joe Osborne
Earl Ball
JayDee Maness
Chris Ethridge

International Submarine Band (ISB) var ei amerikansk rockegruppe som vart skipa av Gram Parsons i 1965,[1] medan han studerte teologi ved Harvard University og John Nuese, ein gitarist for den lokale gruppa The Trolls. Nuese har fått æra for å ha overtydd Parsons om å gå for ein countryrockstil, som Parsons seinare er blitt hugsa for.[2] Arbeidet til Parsons med bandet skjedde før dei meir kjende periodane hans i The Byrds, The Flying Burrito Brothers og The Fallen Angels med Emmylou Harris.[1]

Tidlegi 1966 flytta ISB til New York City, der dei budde i eit hus som Parsons hadde kjøpt. Her spelte dei inn to singlar for Goldstar Records, og eit album som aldri vart gjeve ut og som etter kvart gjekk tapt.[2] Den første singelen deira kom ut i april 1966 og heitte «The Russians Are Coming, The Russians Are Coming», og var ein coverversjon av Johnny Mandel. B-sida var ein coverversjon av Terry Fell sin «Truck Driving Man».[1] Bandet flytta så til Los Angeles, der dei spelte i ein film med Peter Fonda, ein psykedelisk film kalla The Trip.[1] ISB kom ingen veg og ein frustret Parsons byrja å spele på honky-tonk-barar i Los Angeles med venen Bob Buchanan. Han bestemde seg så for å satse på country. Då han informerte resten av bandet om det nye fokuset, slutta Ian Dunlop og Mickey Gauvin i bandet og skipa eit band kalla The Flying Burrito Brothers, som ikkje må forvekslast med det seinare countryrockbandet med same namn som Parsons spelte i.

Berre dagar før ISB vart oppløyst hamna dei i kontakt med Lee Hazlewood, som eigde LHI Records, og fekk ein eksklusiv platekontrakt. Parsons og Nuese leita så etter musikarar for bandet. Jon Corneal, ein trommeslagar frå eit tidlegare Parsons-band, kom inn. Tre studiomusikarar vart henta inn for å fylle inn resten: Joe Osborn på bass, Earl Ball på piano og JayDee Maness på pedal steel.[1]

Det nye bandet spelte inn ein singel i juli 1967 som bestod av to Parsons-songar, «Luxury Liner» og «Blue Eyes».[2] Fire månadar seinare, i november 1967, gjekk den same gruppa, med Chris Ethridge på bass, i studio for å spele inn det som vart det einaste albumet deira, Safe at Home.[1] Parsons skreiv to originale songar til for albumet: «Do You Know How It Feels To Be Lonesome» og «Strong Boy».

Sjølv om Safe at Home var ferdig innspelt i 1967, kom det ikkje ut på fleire månadar. I februar 1968 slutta Parsons i bandet for å bli med The Byrds på innspelinga av Sweetheart of the Rodeo.[1] Lee Hazlewood var ikkje nøgd med avgjersla til Parsons og valde å halde på eigarskapet til namnet «International Submarine Band». Hazlewood prøvde å hindre at vokalspora til Parsons kom ut på Sweetheart of the Rodeo.[3] På grunn av dette vart vokalen hans fjerna frå fleire songar og erstatta med vokal av Roger McGuinn. Til slutt var likevel solovokalen til Parsons med på tre songar på albumet: «You're Still on My Mind», «Life in Prison» og «Hickory Wind».[3] Safe at Home kom først ut våren 1968, då gruppa var oppløyst.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Sum Up Broke» / «One Day Week» - 1966 - Columbia Records
  • «The Russians Are Coming! The Russians Are Coming!» - 1966 - Ascot Records
  • «Luxury Liner» - 1968 - LHI Records
  • «I Must Be Somebody Else You've Known» - 1968 - LHI Records

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Colin Larkin, red. (1997). The Virgin Encyclopedia of Popular Music (Concise utg.). Virgin Books. s. 646. ISBN 1-85227-745-9. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Answers - The Most Trusted Place for Answering Life's Questions». Answers.com. 
  3. 3,0 3,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited. Rogan House. ISBN 0-9529540-1-X. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]