Internettbokmerke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Internettbokmerke er lagra addressar til nettstader. Slike «bokmerke» blir ofte lagra på ein disk av ein nettlesar slik at ein lett kan finne att ei nettside. Bokmerker blir ofte sorterte i mapper, og kan ofte også merkast (taggast) etter tema. I tillegg til lokal bokmerkebehandling i nettlesaren finst det også andre applikasjonar og teenester som gjev bokmerkefunksjonalitet.

Nettlesarar har hatt mogleik for å laga bokmerker sidan Mosaic frå 1993. I 1996 blei dei første felles bokmerkeprosjekta utvikla, men «sosial» bokmerking ved nettstader som Digg og Del.icio.us blei først utbreidd rundt 2005. I 2004 innførte Mozilla Firefox dynamiske bokmerker som kan oppdaterast av vevstraumar som RSS eller Atom.

Bokmerke har også vore kjend som «Hotlists» og «Favorittar».