Internettleverandør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein internettleverandør (ofte kalla ISP, frå engelsk Internet Service Provider) er ei verksemd som gjev personar eller organisasjonar tilgang til (leige av) Internett.

Tenestene blir leverte frå NIX og heilt fram til kunden. Ein ISP kan anten ha eiga NIX-tilknyting og eige IP-nett mellom tenarmaskinane sine og aksessnodane, eller han kan leige tilknyting og IP-transport av ein annan ISP. IP-netta til internettleverandørane utgjer i praksis ryggraden av Internett i Noreg.

Mange internettleverandørar tilbyr òg tenester som DNS og e-postkonto på eigne tenarmaskinar.