Interstellart stoff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Interstellar materie)
Fordelinga av ionisert hydrogen (av astronomar kalla H II frå gammalt av) i delar av det galaktiske insterellare stoffet frå den nordlege himmelhalvkula. Observert med Wisconsin Hα Mapper (Haffner et al. 2003).

Interstellart stoff eller interstellar materie (òg kalla interstellart medium) er stoffa som er samla mellom stjernene i ein galakse. Dette stoffet består som oftast av atom i ionisert og molekylær form, støv og kosmisk stråling. Emisjontåker består av varm hydrogengass som er ionisert av varme stjerner og sender ut lys på bestemde bølgjelengdr i form av eit emisjonspektrum. Mørke tåker har større tettleik og avteiknar seg mot ein lysare bakgrunn av stjerner eller lysande tåker. Andre er refleksjonståker som reflekterer lys frå stjerner i nærleiken. Her finn vi òg kalde og tette molekyltåker, som inneheld mykje gassmolekyl, og dessutan tåker med kald nøytral hydrogengass. Dei vert først og fremst observert i radiobølgjeområdet. Det finst òg ein særs tynn og varm gass som sender ut røntgenstråling.

Mellom fem og ti prosent av materien i Mjølkevegen er interstellart stoff.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]