Interstellart stoff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Fordelinga av ionisert hydrogen (av astronomar kalla H II frå gammalt av) i delar av det galaktiske insterellare stoffet frå den nordlege himmelhalvkula. Observert med Wisconsin Hα Mapper Mal:Harvard citation.

Interstellart stoff eller interstellar materie (òg kalla interstellart medium) er stoffa som er samla mellom stjernene i ein galakse. Dette stoffet består som oftast av atom i ionisert og molekylær form, støv og kosmisk stråling. Emisjontåker består av varm hydrogengass som er ionisert av varme stjerner og sender ut lys på bestemde bølgjelengdr i form av eit emisjonspektrum. Mørke tåker har større tettleik og avteiknar seg mot ein lysare bakgrunn av stjerner eller lysande tåker. Andre er refleksjonståker som reflekterer lys frå stjerner i nærleiken. Her finn vi òg kalde og tette molekyltåker, som inneheld mykje gassmolekyl, og dessutan tåker med kald nøytral hydrogengass. Dei vert først og fremst observert i radiobølgjeområdet. Det finst òg ein særs tynn og varm gass som sender ut røntgenstråling.

Mellom fem og ti prosent av materien i Mjølkevegen er interstellart stoff.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]