Into the Purple Valley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Into the Purple Valley
Studioalbum av Ry Cooder
Språk engelsk
Utgjeve Januar 1972
Innspelt 1971
Sjanger Rootsrock, blues, folk, americana
Lengd 37:06
Selskap Reprise
Produsent Jim Dickinson, Van Dyke Parks og Lenny Waronker
Ry Cooder-kronologi 
Ry Cooder
(1970)
Into the Purple Valley Boomer's Story
(1972)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars [1]
Christgau's Record GuideB+[2]
Rolling Stonepositiv lenkje

Into the Purple Valley er det andre studioalbumet til den amerikanske rootsrock-musikaren Ry Cooder, gjeve ut i 1972.

Hovudfokuset på albumet er musikk om og frå tida kring Dust Bowl, og kva som skjedde i Amerika på den tida, både samfunnsmessig og musikalsk. Albumet består berre av coversongar av artistar som Woody Guthrie og Leadbelly.[1]

Allmusic skreiv i meldinga si at det syner Cooder si «leksikonkunne om musikk frå denne tida, kombinert med ei instinktiv kjensle for songane. Fenomenal er det skildrande ordet for å skildre spelinga hans, om det er på gitar, hawaii-gitar, mandolin eller andre uvanlege instrument han fann. Dette er eit must for dei som elskar virtuos musikk, autentiske omarbeideingar frå ein æra, eller rett og slett berre god musikk.»[1]

Plateomslaget vart kåra til det 12. beste gjennom tidene på lista til musikkmagasinet Rolling Stone.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«How Can You Keep Moving (Unless You Migrate Too)»Agnes Sis Cunningham2:25
2.«Billy the Kid»Trad. arr. Ry Cooder3:45
3.«Money Honey»Jesse Stone3:28
4.«FDR in Trinidad»Fitz McLean3:01
5.«Teardrops Will Fall»Gerry Dickey Doo Granahan, Marion Smith3:03
6.«Denomination Blues»George Washington Phillips3:58
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«On a Monday»Lead Belly2:52
8.«Hey Porter»Johnny Cash4:34
9.«Great Dream from Heaven» (instrumental))Joseph Spence1:53
10.«Taxes on the Farmer Feeds Us All»Trad. arr. Ry Cooder3:52
11.«Vigilante Man»Woody Guthrie4:15

(Merk: «Billy the Kid» vart i røynda komponert av Woody Guthrie, og «Taxes on the Farmer Feeds Us All» av Fiddlin' John Carson.)

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
USA - Billboard Pop albums 113

Kjelder[endre | endre wikiteksten]