Intramembranøs ossifikasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Intramembranøs forbeining)
Elektronmikroskopi av ei mesenkymal stamcelle med typisk ultrastruktur.

Intramembranøs ossifikasjon[a] er ein av to vesentlege prosessar der fostera hjå kjevemunnsdyr utviklar eit skjelettsystem, systemet der rudimentært[b] knokkelvev blir forma. Intramembranøs ossifikasjon er også viktig for naturleg læking av knokkelbrot,[1] og for danninga av knoklane i hovudskallen.[2][3] Til skilnad frå endokondral ossifikasjon, som er den andre prosessen der knokkelvev blir danna, så finn ein ikkje brusk ved intramembranøs ossifikasjon.[2]

Fleire bilete[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Formasjonen av knoklar (forbeining) direkte frå fibrøst vev, utan bruk av brusk.
  2. uutvikla, forkrøpla, primitivt; sjå rudimentære organ

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Brighton, Carl T. and Robert M. Hunt (1991), "Early histological and ultrastructural changes in medullary fracture callus", Journal of Bone and Joint Surgery, 73-A (6): 832-847
  2. 2,0 2,1 «Farmasøytiske forbindelser omfattende Activin-ActRIIA-antagonister...» (PDF). Patentstyret. 14. januar 2014. Arkivert frå originalen (PATENT) 2. april 2015. Henta 3. mars 2015. 
  3. Netter, Frank H. (1987), Musculoskeletal system: anatomy, physiology, and metabolic disorders. Summit, New Jersey: Ciba-Geigy Corporation ISBN 0-914168-88-6, s.129
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.