Intrusjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Devils Tower i Wyoming i USA er danna gjennom intrusjon.

Intrusjon er i geologi ein smeltemasse som består av vulkanske bergartar som vart danna ved krystallisasjon frå smelta magma under jordoverflata. Store bitar av magma som har størkna i djupet før dei når jordoverflata vert kalla plutonar og har fått namnet sitt etter Pluto som i romersk mytologi var gud over underverda. Bergartar av denne typen vert omtalt som plutoniske bergartar eller intrusivbergartar. Dette er i motsetnad til effusive bergartar. Smeltemasse som omringar ein pluton vert kalla sidebergartar.

Samansetning[endre | endre wikiteksten]

I samansetning inkluderer intrusivbergartar heile rekka av vulkanske bergartar, frå kompakt og mørk ultramafisk peridotitt til lys og laus alkalisk granitt og syenitt. Eit velkjent døme på ein intrusjon er Devils Tower i Wyoming i USA.

Strukturelle typar[endre | endre wikiteksten]

Intrusivbergartar finst òg i ei rekke former og storleikar – frå batolittar på storleik med fjell til åreliknande sprekk-fyll av aplitt. Intrusive strukturar vert ofte klassifisert mellom anna med omsyn til foliasjon av steinen: dersom intrusjonen er parallell til sidebergarten er hovudbergarten ein konkordant, medan dersom han skjærer tvers over er han ein diskordant. Strukturelle typar inkluderer:

  • Batolitt – store uregelmessige intrusjonar.
  • Stokk – Mindre, irregulære diskordante intrusjonar.
  • Gang i geologi – Ein relativt smal, lagdelt, diskordant smeltemasse, ofte i nær vertikalt retning.
  • Lagergang/sill – Ein relativt tynn, lagdelt konkordant smeltemasse som har intrudert langs lagflater, ofte i nær horisontal stilling når dei oppstår, men kan intrudere i skråstilte sedimenterte lag, eller så kan hele massen verte skråstilt av seinare deformasjon.
  • Lavapropp: Sirkulær eller hylseforma nær-vertikal steinmasse, som tidlegare kan ha vore ein vulkansk skorstein.
  • Lakkolitt – Kokordant smeltemasse som ein nær flat sokkel og kuppelforma øvre overflate. Han har vanlegvis ein skorstein under.
  • Lopolitt – Konkordant smeltemasse med ein base som er grunn, konveks base (skålforma) og ein øvre del som varierer mellom flat og nedhengande. Kan ha gang eller skorstein under.
  • Fakolitt – Ein konkordant linseforma pluton som vanlegvis ligg på toppen av ein antiklinal eller i renna til ein synklinal.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]