Inuittiske klede

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tradisjonell kvinnedrakt av karibuskinn med amauti-anorakk, bukse, vottar og lange støvlar med sidelommar. Bak har anorakken ein amaut eller lomme til å bera ein baby i. Frå Baker Lake, Eskimo Point and Hikoligjuaq, vest for Hudsonbukta. Innsamla av den 5. Thule-ekspedisjonen, 1921–1924
Moderne kvinneanorakk utforma av inuittdesignaren Victoria Kakuktinniq frå 2021. Hovuddelen av anorakken er laga av syntetisk vasstett stoff, med sølvrevpels rundt hetta og selskinnbord på falden og ermene. Den avrunda falden er typisk for ein tradisjonell amauti.

Inuittiske klede er tradisjonelt eit komplekst system av klede for kaldt vêr som blei laga av skinn og pels. Dei er blitt brukte av inuittar, ei gruppe kulturelt nærskylde urfolksgrupper frå arktiske område i Canada, Grønland og USA. Den grunnleggjande klesdrakta bestod av anorakk, bukse, vottar, innerfottøy og ytterstøvlar. Dei vanlegaste kjeldene til skinn var karibu, sel og sjøfuglar, men andre dyreslag blei også brukte når dei var tilgjengelege. Det å kunna laga varme, haldbare klede var ein livsnødvendig evne som blei overlevert frå kvinner til jenter, og kunne ta mange år å meistra. Tillaging av klede var ein intensiv, vekelang prosess som føregjekk over ein årleg syklus som følgde etablerte jaktsesongar. Tilreiing og bruk av skinnklede var sterkt knytt til tradisjonell inuittisk religion.

Til trass for den vide geografiske utbreiinga til inuittar i Arktis, var disse plagga historisk konsistente i både design og materiale på grunn av det vedvarande behovet for vern mot det ekstreme vêret i polarområda og det avgrensa utvalet av materiale ein kunne bruka. Innanfor desse breie avgrensingane varierte utsjånaden til individuelle plagg etter kjønnsroller og sesong, i tillegg til dei spesifikke klesskikkane til kvar stamme eller gruppe. Inuittane pynta kleda sine med frynser, anheng og innlegg av kontrastfargar, og tok seinare i bruk teknikkar som perlearbeid når handel gjorde nye materiale tilgjengelege.

Kledesystemet til inuittane har sterke likskapstrekk med skinnkleda brukte av andre sirkumpolare folk, som urfolk i Alaska, Sibir og russisk fjerne austen. Arkeologiske funn tyder på at historia til det sirkumpolare klessystemet kan ha byrja i Sibir så tidleg som 22 000 f.Kr., og i Nord-Canada og Grønland så tidleg som 2500 f.Kr. Etter at europearar byrja å utforske det nordamerikanske Arktis på slutten av 1500-talet, på jakt etter Nordvestpassasjen, byrja inuittar å ta i bruk europeiske klede og materiale. På omtrent same tid byrja europearar å forska på inuittklede, med visuelle skildringar, akademisk skriving, studiar av effektivitet og museumssamlingar. Europeiske utforskarar og tilflyttarar tok også i bruk inuittiske klede for å kunna overleva i kalde klima.[1][2]

I moderne tid førte endringar i livsstilen til inuittane til tap av tradisjonelle dugleikar og redusert etterspurnad etter komplette antrekk av skinnklede. Sidan 1990-talet har innsats frå inuittorganisasjonar for å gjenoppliva historiske kulturelle dugleikar og kombinera dei med moderne klesframstillingsteknikkar ført til ei gjenoppblomstring av tradisjonelle inuittklede, særleg til spesielle høve, og utviklinga av moderne inuittmote som sin eigen stil innanfor større urfolksamerikansk moterørsle.

Tradisjonell klesdrakt[endre | endre wikiteksten]

Utbreiinga av inuittgrupper etter språk

Den grunnleggjande versjonen av tradisjonelle inuittiske klede bestod av ein anorakk med hette, bukse, vottar, indre fottøy og ytterstøvlar som alle var laga av dyreskinn og pels.[3][4] Desse kleda var ganske lette, trass i dei varmeisolerande eigenskapane sine: Ein komplett drakt vog ikkje meir enn rundt 3–4,5 kg, avhengig av kor mange lag og storleiken på brukaren.[5][6] Ein kunne legga til ekstra lag alt etter vêrtilhøve og aktivitet, noko som generelt følgde dei ulike årstidene.[7]

Mannsanorakk og bukser, frå Sør-Baffinøya, Hudson Bay (1910–1914), no ved Royal Ontario Museum

Inuittiske klede omfattar den tradisjonelle klesdrakta i eit stort geografisk område der inuittisk kultur er utbreidd, frå Alaska til Grønland. Denne artikkelen nyttar kanadiske inuktitut-namn på klede om ikkje anna er nemnt.

Hovuddelane i ein tradisjonell klesdrakt
Del av kroppen Namn Inuktitut-skrift Skildring Merknad
Torso Qulittuq ᖁᓕᑦᑕᖅ Lukka anorakk med hette, pelssida vendt ut Ytterdrakt for menn
Atigi ᐊᑎᒋ Lukka anorakk med hette, pelssida vendt inn Innerdrakt for menn
Amauti ᐊᒪᐅᑎ Lukka anorakk med beredelfor småungar Kvinnedrakt
Hender Pualuuk ᐳᐊᓘᒃ Vottar Brukt av begge kjønn, med to lag om nødvendig
Bein Qarliik ᖃᕐᓖᒃ Bukser To lag for menn, enkelt for kvinner
Mirquliik ᒥᕐᖁᓖᒃ Strømper Brukt av begge kjønn, med to lag
Føter Kamiit ᑲᒦᒃ Støvlar Brukt av begge kjønn, lengd varierer med funksjon
Tuqtuqutiq ᑐᖅᑐᖁᑎᖅ Yttersko Brukt av begge kjønn når det er nødvendig

Klede for overkroppen[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonell inuittisk kultur hadde ei kjønnsdelt arbeidsfordeling, og menn og kvinner brukte klede tilpassa dei ulike rollene deira. Ytterlaget brukt av menn blei kalla qulittaq, og innerlaget blei kalla atigi.[8] Desse kleda hadde inga opning framme, og blei tatt av og på ved at ein drog dei over hovudet.[8] Mannsanorakken hadde vanlegvis rette faldar nedst med splittar og lause skuldrar for å auka rørsleevna under jakt.[9][10] Dei lause skuldrene gjorde at ein kunne dra armane ut av ermene og inn i sjølve jakka for å varma dei, utan å ta av seg plagget. Den tettsitjande hetta verna hovudet utan å hindra utsynet. Falden på den ytre anorakken var lengre bak, slik at ein kunne sitja på falden og vera isolert frå det iskalde underlaget medan ein overvaka eit ishol under selfangst, eller medan ein venta på at uventa uvêr skulle gje seg. Ein tradisjonell anorakk hadde ingen lommar; ein bar med seg utstyrt i posar eller vesker. Nokre anorakkar hadde tersa kalla amakat-servik ein kunne henga posar frå.[8]

Refer to caption
Moderne inuittiske kvinner i tradisjonelle amauti, den til venstre av sel og den til høgre av rein (Igloolik i Nunavut, 1999)

Anorakkar for kvinner blir kalla amauti og har store påsydde posar kalla amaut til å bera småbarn i.[9][10] Det finst fleire regionale variasjonar av amauti, men som regel er falden lang og forma til avrunda, forkle-aktige flikar, kalla kiniq, framme og akuq bak.[8][11] Barnet i posen kviler mot den bare huda til mora sin rygg, slik at mor og barn får kontakt hud mot hud. Eit belte kalla qaksun-gauti blir festa rundt livet til mora på utsida av anorakken, slik at barnet blir støtta utan å halda det for hardt fast.[8][12] Ved kvile sit barnet vanlegvis oppreist med bøygde kne, men det er vanlegvis også mogleg for barnet å stå oppreist inne i posen.[13] Det rommelege plagget gjer at barnet kan flyttast til brystet for å dia, eller haldast framme for å gjera frå seg, og mora kan også snu det slik at ho er andlet mot andlet med barnet.[8][10][12] I fortida blei anorakken laga med ein mindre og smalare amaut for enkjer og kvinner etter overgangsalderen som ikkje lenger trengte å bera barn.[10][14]

I vestre Arktis, særleg blant inuvialuit- og inuinnaitfolk, finst ein annan type anorakk for kvinner kalla «Mother Hubbard», ei tilpassing av den europeiske lange kjolen kjend som Mother Hubbard-kjole.[15][16][8] Den inuittiske versjonen er ein lang bomullskjole med lange ermer og ei hette med pelsfor. Eit isolerande lag – anten tjukk ull eller dyrepels – blir sydd til innsida for å halda varmen, slik at drakta kan brukast om vinteren.[8] Sjølv om Mother Hubbard-anorakken berre blei til seint på 1800-talet, erstatta han i stor grad eldre klesplagg i desse områda, slik at han er rekna som det tradisjonelle kvinneplagget her.[15]

Moderne jakker med hetter kjende som parkas eller anorakk i dag er avleidde frå det inuittiske plagget.[17] Orda er lånord frå høvesvis aleutisk og grønlandsk.[18]

Bukser[endre | endre wikiteksten]

Gutebukser av ringsel, Nationalmuseet i Danmark, innsamla 1989

Både menn og kvinner brukte bukser kalla qarliik. Om vinter brukte menn typisk to par pelsbukser for å halda varmen på langvarige jaktturar.[19][20] Qarliik var festa laust i livet med ei snor. Forma og lengda deira varierte etter kva materiale ein brukte, slik at bukser av reinskinn hadde ei klokkeform som kunne fanga varm luft som kom opp frå støvelen, medan sel- og isbjørnbukser gjerne hadde rette buksebein.[8]

Bukser for kvinner hadde vanlegvis same form som dei for menn, men bruken var tilpassa deira behov. Kvinner brukte typisk færre lag klede, ettersom dei vanlegvis ikkje gjekk ut i lengre periodar om vinteren.[19][20] Under menstruasjon brukte kvinner eit par eldre bukser med eit lite skinnstykke inni for å spara daglegkleda sine.[20] I nokre område brukte kvinner historisk bukser som berre nådde til låret, qukturautiik, heller enn lange bukser..[21] På Aust-Grønland, var buksene til kvinner, eller qartippaat, ganske korte, slik at det var mellomrom mellom dei støvlane, som nådde opp til låra, og buksebeina.[22]

I nokre område, særleg i Vest-Arktis, kunne menn, kvinner og barn av og til bruka atartaq, tettsitjande bukser eller strømpebukser med tilsydde føter, men desse er for det meste gått ut av bruk.[8]

Igluulingmiutfolk frå Foxesjøen og nokre kivallirmiutfolk brukte lause bukser eller strømper sydde fast til støvlane for lange reiser. Dei vide buksebeina gav rom ein kunne bruka til å varma mat eller oppbevarar mindre gjenstandar.[10][23] Desse buksene blei mykje omtalte av ikkje-inuittar som såg dei, men ein slutta å laga dei på 1940-talet på grunn av mangel på passande materiale.[9]

Fottøy[endre | endre wikiteksten]

Tre lag fottøy til vinterbruk: Kort innersko, innerstøvel med pelsen vendt inn, og ytterstøvel med pelsen vendt ut

Fottøy i den tradisjonelle drakta kunne omfatta opptil fem lag av sokkar, støvlar og ytterstøvlar, avhengig av vêr og terreng.[24][16] Tradisjonelt laga ein nesten alltid desse plagga av rein- eller selskinn, men i dag kan ein også laga støvlar av tjukke tekstilstoff som lerret eller dongeri.[16][16] Det inste laget var tradisjonelt eit par sokkar kalla aliqsiik, med pelssida vendt inn. Det andre laget var eit par korte sokkar kalla ilupirquk, og det tredje eit nytt par strømper kalla pinirait; begge med pelssida vendt ut. Det fjerde laget var støvlane, kalla kamiit eller mukluk.[a] Det viktigaste kjenneteiknet til kamiit er solane, som er laga av eit enkelt skinnstykke som blir bretta opp rundt foten, der det er sydd fast til overdelen. Dei sit laust slik at ein kan ha fleire lag inni, og kan festast øvst eller ved anklane med snorer eller stroppar.[26] Kamiit kunne ha tuqtuqutiq over, ein kort oversko med tjukk sole som gav ekstra isolering til føtene.[24] Desse overskoa kunne ein ha på seg innandørs medan ein tørka kamiit .[8] Historisk hadde menn typisk fleire par støvlar som dei bytta på å bruka slik at dei kunne tørka skikkeleg mellom kvar gong. Dette gjorde at støvlane kunne brukast lengre utan å rotna.[26]

I den våtare årstida om sommaren kunne ein bruka vasstette støvlar i staden for varmeisolerande pelsstøvlar. Desse var vanlegvis laga av selskinn der pelsen var fjerna. For å få betre feste på isdekke kunne ein sy striper av hårlaust selskinn, eller pels med håra vendt framover, på solen.[24][16][26] Høgda til støvlane varierte etter bruksområde – selskinnsstøvlar kunne ha lår- eller brysthøgd om ein skulle bruka dei til å vada i vatn, liknande moderne vadestøvlar eller vadebukser.[16] Nokre støvlar meint for bruk i våte tilhøve kunne lukkast i toppen med snorer for å halda vatn ute.[16] I moderne tid kan ein laga overdelen av støvlane av skinn og bruka masseprodusert gummi til botnen slik at ein både får varmen frå skinnet og dei vasstette og gripeeigenskapane til kunstmateriale.[27]

Utstyr[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonell akuilisaq eller spray skirt (venstte) og tuilik eller vasstett jakke (høgre), skisse frå ca. 1893

Dei fleste klede for overkroppen hadde hette som ein fast del, slik at det ofte ikkje var nødvendig med andre hovudplagg. Hettene til iñupiatfolk i Nord-Alaska er særleg kjennbare for pelskanten rundt andletet der langhåra pels frå dyr som ulv, hund eller jerv strålar ut.[28] Historisk har nokre grupper, som kalaallitfolk frå Grønland og alutiiqfolk frå Kodiak, brukt separate luer i staden for å ha hetter, liknande klesdrakta til yupikfolk i Sibir.[29][30] Mange moderne kanadiske inuittar bruker ei lue under hetta for å oppnå betre isolasjon om vinteren. Om sommaren, når vêret er varmare og myggen er aktiv, bruker ein ikkje hetta. I staden kan ein ha eit skjerf over lua som dekkjer halsen og fjeset for å verna seg mot insekta.[30]

Inuittiske vottar blir kalla pualuuk, og blir vanlegvis brukte i eitt lag. Om det er nødvendig kan ein bruka to lag, men dette gjer brukaren mindre fingernem. Mange hanskar er av reinsskinn, men selskinn blir brukt for arbeid i våte tilhøve, medan kjørarar av issleder føretrekk bjørneskinn ettersom det ikkje feller hår når det blir fuktig. Handflatedelen kan lagast av skinn med håret fjerna for å gje betre grep. Nokre gonger festar ein vottane til ei snor ein har over skuldrene for å ikkje mista dei.[8] Vottar blir typisk laga av tre skinnstykke, men i nokre området brukte ein tradisjonelt berre to, eller tilmed berre eitt.[14][23] For å minska slit på saumane bretta ein baksida av votten rundt til handflata, medan tommelen vanlegvis blir skoren ut saman med handflatestykket.[12]

Snøbriller eller ilgaak frå Alaska. Utskore i tre (topp) og reinsdyrhorn (under)

Belte, som vanlegvis var enkle lengder av skinn med håret fjerna, hadde fleire bruksområde. Ein brukte qaksun-gauti til å halda barnet fast i ein amauti.[8] Belte festa i livet kunne brukast til å sikra anorakken mot vind, og til å oppbevara små gjenstandar. I eit naudtilfelle kunne det brukast til å reparera utstyr som gjekk sund under ei reise.[26] Nokre belte var pynta med perler eller utskorne stykke.[26]

Inuittar som ofte brukte kajakk utvikla spesialisert utstyr til å hindra vatn frå å koma inn i båten. I Grønland blir desse plagga kalla akuilisaq (no også kalla spray skirt), og ei vasstett jakke kalla tuilik.[31][32] Ein akuilisaq var eit sylindrisk plagg som dekte brukaren frå bolen og ned, halde opp med stroppar over skuldrene. Botnen av plagget blei slutta tett til sitjeplassen i kajakken med ei snor eller eit belte.[31] Ein tuilik var ei fullang jakke som ein kunne dra tett saman ved halsen og handledda, og festa tett til sitjeplassen i kajakken på same vis som ein akuilisaq. Begge plagga heldt vatn ute av sitjeplassen, men tuilik gjorde i tillegg at den som sat i kajakken kunne rulla han rundt utan å få vatn inn i jakka.[31][32]

Om våren og sommaren i Arktis kan sollys reflektert frå snøen gje ein smertefull tilstand kjend som snøblinde. For å hindra dette utvikla inuittar ilgaak eller snøbriller, som heldt ein del av lyset ute samtidig som dei bevarte synsfeltet.[23][26] Ilgaak er tradisjonelt blitt laga av bein eller drivved, og skore i ein boge for å passe rundt fjeset. Smale spalter slepp inn berre ein liten del av lyset.[33]

Barneklede[endre | endre wikiteksten]

Barnedress laga av kivallirmiuttfolk, innsamla i 1924

Inuittiske spedbarn hadde få eller ingen klede, og var vanlegvis tett inntil mora i hennar amauti.[13] Kleda dei faktisk hadde, vanlegvis ein liten jakke, hue, vottar eller sokkar, var laga av dei tynnaste skinna ein kunne finna: Reinfoster eller nyfødde reinkalvar, kråker eller murmeldyr.[10][23] Qikirtamiutfolk frå Belcherøyane i Hudsonbukta laga hetter for dei nyfødde borna sine av det fine skinnet frå hovudet og halsen til ærfugl.[34]

Barneklede hadde liknande funksjon som vaksenklede, men var typisk laga av mjukare materiale som reinkalv-, rev- eller kaninskinn. Når barn var gamle nok til å gå, kunne dei bruka ei drakt kalla atajuq som likna ein moderne buksedress. Dette plagget hadde fastsydde føter og ofte også vottar. Til skilnad frå klede for vaksne hadde det opning i skrittet, slik at barnet lett kunne gå på do.[23][10] Mange av desse draktene hadde lause hetter som kunne vera festa med frynser for å hindra at ein mista dei.[10] Hetteforma og plasseringa av dekorasjonar på desse draktene varierte mellom kjønna.[23]

Etterkvart som barn blei eldre gjekk dei gradvis over til å bruka klede av meir vaksen utforming. Eldre barn hadde drakter der anorakk og bukser var skilde, men støvlane var framleis ofte sydd til buksene.[10][8] Amautiar for jenter hadde ofte ei lita berehette, amaut, og dei bar av og til mindre sysken i denne for å hjelpa mor si.[10][8] Klesdrakta for jenter og gutar endra seg ved puberteten. På Aust-Grønland fekk til dømes begge kjønn naatsit, eller underbrok, for å markera overgangen.[35] Generelt fekk jenter som nådde puberteten lengre amautiar med større hetter for å visa fertilitet.[10] Hårstilen blei også endra for å visa den nye statusen deira.[35][8]

Materiale[endre | endre wikiteksten]

Mannsdrakt av isbjørnskinn frå Nord-Grønland, no ved Grønland nasjonalmuseum
Oversko av ærfugl, frå qikirtamiutinuittar frå Belcherøyane

Dei vanlegaste kjeldene til skinn til inuittiske klede er reinsdyr og selar, med reinsdyr som vanlegast for kvardagsbruk.[36][37][38] Historisk har også sjøfuglar vore ei viktig kjelde til kledemateriale, men bruk av fugleskinn er no uvanleg sjølv på stader der det framleis er vanleg å bruka tradisjonelle klede.[39] Mindre vanlege kjelder var bjørn, hundar, revar, jordekorn, murmeldyr, elg, moskus, bisam, kval, jerv og ulv. Ein kunne bruka desse dyra avhengig av stad og årstid. Samanlikna med rein og sel hadde andre skinne store minus som skjørheit, vekt eller røyting, noko som gjorde bruken deira mindre vanleg.[40][16][41] Tradisjonelt fekk ein alt materiale til klede frå jakt, og det blei tilreidd for hand. I dag er det også vanleg å kjøpa ferdig materiale til saum, medrekna kommersielt preparerte pelsar av tradisjonelt brukte dyreslag, utradisjonelle skinn som sau eller storfe, og tilmed juksepels.[16][42]

For alle typar dyr brukte inuittar tradisjonelt så mykje av kroppen som mogleg. Kvar del av skinnet hadde eit særskilt bruksområde avhengig av eigenskapane sine.[43] Sener og andre membranar blei brukte til å laga sterke, varige fiber, kalla senetråd eller ivalu, og kunne brukast til å sy saman klede. Fjører blei brukte til dekorasjon. Harde materiale som bein, nebb, tenner, klør og gevir blei skorne ut til reiskapar eller pyntegjenstandar.[40] Det mjuke materialet felt frå gevir, kjent som fløyel, blei brukt til å halda håret i halar eller fletter.[40] Innvolar frå selar og kvalrossar blei brukt til å laga vasstette jakker til vått vêr.[11] Det russiske ordet kamleika blir av og til brukt om alle klede laga av innvolar, men viste opphavleg til innvolkapper laga av aleutar frå Aleutane.[29][44][45]

Gjennom handel og samkvem har inuittiske grupper delt materiale, design og stilar med kvarandre gjennom historia. Det finst prov både frå førhistorisk og historisk tid som tyder på at inuittar samla seg i store marknader for å bytta materiale og ferdig tilverka varer; handelsnettverket kring desse marknadane strekte seg rundt 3000 km langs det arktiske landskapet.[46] Dei kom også i kontakt med og tok i bruk idear og materiale frå andre innfødde arktiske folk, som tsjuktsjarar, korjakar og yupikfolk frå Sibir og Russisk fjerne austen, samar frå Skandinavia og ikkje-inuittiske urfolk frå Nord-Amerika.[8][47][48]

Tekstilar og kunststoff[endre | endre wikiteksten]

To iñupiatjenter med anorakkar laga med mønstra bomullsstoff og fora med pels, fotograferte mellom 1903 og 1910

Frå slutten av 1500-talet byrja kontakt med ikkje-inuittar, som amerikanske, vesteuropeiske og russiske handelsfolk og oppdagarar å påverka tillaginga og utsjånaden til inuittiske klede.[49] Desse folka førte med seg handelsvarer som metallreiskapar, perler og tekstilar, som ein byrja ta opp i den tradisjonelle klestradisjonen.[50][51] Ein kunne til dømes bruka importert duffelstoff som for i støvlar og vottar, og quilta stoff til å fora anorakkar.[52][53] Symaskinar byrja bli tilgjengelege frå 1850-talet, slik at det blei lettare å sy klede laga av importert stoff.[53][54]

Inuittiske strupesongarar i 1999 med moderne klede i tradisjonell utforming

Auka kulturell assimilering og modernisering på byrjinga av 1900-talet førte til redusert produksjon av tradisjonelle skinnplagg til daglegbruk. Det kanadiske indiske kostskulesystemet i Nord-Canada endra også på overføring av kunnskap frå eldre til yngre generasjonar.[55][56] Også etter at slike skular blei avskaffa, pleidde ikkje skular driva undervising om inuittisk kultur før på1980-talrt.[8][57]

Etterspurnaden etter skinnplagg gjekk til bake med livsstilsendringar, inkludert større tilgang på fabrikkproduserte klede, som kan vera lettare å vedlikehalda.[8][58] Overjakt reduserte mange reinflokkar, og motstanden mot selfangst frå dyrerettsrørsla øydela eksportmarknaden for selskinn; dette reduserte jakt som primærnæring .[8][59][15] Mindre etterspurnad førte til at færre utøvarar heldt ved like jaktkunnskapen sin, og endå færre overlevert han til nye generasjonar.[8] Ved midten av 1990-talet var mykje av kunnskapen om korleis ein laga inuittiske skinnklede i fare for å gå heilt tapt.[8][60]

Sidan då har inuittgruppe gjort betydeleg innsats for å gjera tradisjonell saum ein del av moderne inuittkultur, og det blir no drive undervising kring kulturen i mange nordlege skular og kulturelle kunnskapsprogram.[61][62] Saum er no sett på som ein metode til å vera knytt til inuittisk kultur.[63] Bruk av moderne teknikkar og innkjøpte materiale reduserer tida og innsatsen som er nødvendig for å laga kleda, og gjer det lettare å koma i gang.[64][65] Sjølv om det er uvanleg å bruka fullstendige tradisjonelle skinndrakter til dagleg i dag, kan ein framleis sjå dei i bruk om vinteren og ved særskilde høve.[8][66]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kamiit er den aust-arktiske nemninga for støvlar, og mukluk er den vest-arktiske ordet. Det er nokre stilmessige skilnader mellom dei, men funksjonelt er støvlane dei same. Denne artikkelen nyttar stort set kamiit om alle inuittiske støvlar. Eintalsforma av kamiit er kamik.[25]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. America, Artic Institute of North (29. april 2014), «Sewing Game», fortconger.org (på engelsk), henta 8. oktober 2022 
  2. Magazine, Smithsonian, «Inuit Women's Survival Skills, Which Kept Arctic Explorers Alive, Help Heal Residential School Survivors», www.smithsonianmag.com (på engelsk), henta 8. oktober 2022 
  3. Issenman 1997, s. 43.
  4. Hall, Oakes & Webster 1994, s. 27.
  5. Osborn 2014.
  6. Stenton 1991, s. 9.
  7. Pharand 2012, s. 17.
  8. 8,00 8,01 8,02 8,03 8,04 8,05 8,06 8,07 8,08 8,09 8,10 8,11 8,12 8,13 8,14 8,15 8,16 8,17 8,18 8,19 8,20 8,21 8,22 Issenman 1997.
  9. 9,0 9,1 9,2 Hall 2001.
  10. 10,00 10,01 10,02 10,03 10,04 10,05 10,06 10,07 10,08 10,09 10,10 Pharand 2012.
  11. 11,0 11,1 Issenman & Rankin 1988a.
  12. 12,0 12,1 12,2 Rholem 2001.
  13. 13,0 13,1 Ryder 2017.
  14. 14,0 14,1 Issenman 2007.
  15. 15,0 15,1 15,2 Driscoll-Engelstad 2005.
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 16,4 16,5 16,6 16,7 16,8 Oakes & Riewe 1995.
  17. Atkinson 2017.
  18. Cresswell 2021.
  19. 19,0 19,1 Issenman 1997, s. 46.
  20. 20,0 20,1 20,2 Pharand 2012, s. 29.
  21. Pharand 2012, s. 30.
  22. Buijs 1997, s. 23.
  23. 23,0 23,1 23,2 23,3 23,4 23,5 Hall, Oakes & Webster 1994.
  24. 24,0 24,1 24,2 Issenman 1997, s. 50–51.
  25. Oakes & Riewe 1995, s. 50, 54, 60.
  26. 26,0 26,1 26,2 26,3 26,4 26,5 Issenman & Rankin 1988b.
  27. Oakes & Riewe 1995, s. 113, 133.
  28. Issenman & Rankin 1988b, s. 41.
  29. 29,0 29,1 Schmidt 2018, s. 124.
  30. 30,0 30,1 Issenman 1997, s. 47.
  31. 31,0 31,1 31,2 Petersen 2003.
  32. 32,0 32,1 Buijs 1997.
  33. Vancouver Maritime Museum n.d..
  34. Nakashima 2002.
  35. 35,0 35,1 Buijs 2005.
  36. Issenman 1997, s. 19.
  37. Stenton 1991, s. 4.
  38. Oakes & Riewe 1995, s. 34.
  39. Oakes 1991b.
  40. 40,0 40,1 40,2 Issenman 1997, s. 32.
  41. Stenton 1991, s. 8.
  42. Hall, Oakes & Webster 1994, s. 107.
  43. Issenman 1997, s. 40.
  44. Reed 2005, s. 48.
  45. Issenman 1997, s. 270.
  46. Issenman 1997, s. 171.
  47. Inuktitut Magazine 2011, s. 14.
  48. Issenman & Rankin 1988b, s. 100.
  49. Issenman 1997, s. 98.
  50. Issenman 1997, s. 24.
  51. Martin 2005, s. 122.
  52. Issenman 1997, s. 174.
  53. 53,0 53,1 Martin 2005, s. 123.
  54. Hall, Oakes & Webster 1994, s. 102.
  55. Kassam 2017.
  56. Truth and Reconciliation Commission of Canada 2015.
  57. McGregor 2011.
  58. Oakes & Riewe 1997.
  59. Oakes 1987.
  60. Petrussen 2005.
  61. Issenman 1997, s. 225–226.
  62. Tulloch, Kusugak & et al. 2013, s. 28–32.
  63. Emanuelsen 2020, s. 1, 4.
  64. Oakes 1987, s. 14, 34.
  65. Oakes & Riewe 1995, s. 34, 171.
  66. Oakes & Riewe 1995, s. 19, 31.
Bibliografi

Magasin[endre | endre wikiteksten]

Tidsskrift[endre | endre wikiteksten]

Nettstader[endre | endre wikiteksten]