Iñupiatfolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Inupiatfolk)
Eldre iñupiatkvinne og barn som gjev kvarandre ein kunik (nasehelsing) ved ein nalukataq i Utqiaġvik i Alaska

Iñupiatfolk (eller inupiat, iñupiaq og inupiaq;[1]) er ei urfolksgruppe frå Alaska som har sine tradisjonelle territorium omtrent nordaust for Norton Sound ved Beringhavet til den nordlegaste delen av grensa mellom USA og Canada.[2][3][4][5] Dei noverande busetnadane deira omfattar 34 landsbyar i Iñupiat Nunaat (Iñupiaq-land), sju i North Slope Borough, tilknytt Arctic Slope Regional Corporation; elleve landsbyar i Northwest Arctic Borough og seksten landsbyar tilknytte Bering Straits Regional Corporation.[6]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Samfunnshus (wargi) for menn bygd delvis under jorda med kvalbein frå grønlandskval. Point Hope i Alaska i 1885

Iñupiat (IPA: [iɲupiɐt]) er fleirtalsforma av namnet på folket. Eintalsforma er iñupiaq (IPA: [iɲupiɑq]), som også kan visa til språket deira. Iñupiak (IPA: [iɲupiɐk]) er totalsforma. Ordrøtene er iñuk, 'person' og -piaq, 'ekte'. Endonymet tyder dermed 'ekte folk'.[7][8]

Grupper[endre | endre wikiteksten]

Iñupiatfolk er delte inn i følgjande grupper:

  • Seward Peninsula Inupiat
  • Nunamiut[9]
  • Northwest Arctic Iñupiat (Malimiut)
  • North Alaska Coast Inupiat (Taġiuġmiut, 'havfolk', eller Siḷaliñiġmiut)
Iñupiaqball til å sparka frå ei høgd, frå ca. 1910, Utqiaġvik i Alaska, no i samlinga til NMAI

Språk[endre | endre wikiteksten]

Inuittar og inuittiske språk finst sirkumpolart i Arktis i fleire ulike land. Inuittar er urfolk i Nord-Alaska, Canada og på Grønland. Inuittiske språk har ulike namn etter kva region dei høyrer til. I Nord-Alaska heiter inuittspråket iñupiat.[10] Innan iñupiat finst det fire hovuddialektar: North Slope, Malimiut, Bering Straits og Qawiaraq.[10] Etter vestleg kontakt, særleg streng assimileringspolitikk som kostskular for urfolksungar der ungane blei straffa for å snakka morsmålet sitt, har bruken av språka gått tilbake.[6][11] I dag snakkar berre rundt 2000 av dei rundt 24500 iñupiatfolka eit av dei opphavlege språka sine.[10]

Ein har starta fleire forsøk på å revitalisera urfolksspråk og levevis i Alaska. I Kotzebue ligg det ein immersiv iñupiat-skule, Nikaitchuat Iḷisaġviat, skipa i 1998.[12] June Nelson Elementary school er ein annan skule i Kotzebue som arbeider for å ha meir pensum knytt til iñupiat-språk og kultur.[13] Nome Elementary School i Nome har også lagt planar om å skipa eit iñupiaq-språkprogram.[14] Det finst fleire relevante kurs på ulike campusar som høyre til University of Alaska system. University of Alaska Fairbanks har eit nettkurs som gjev ei innføring i iñupiaq, både for folk som allereie kan og for folk som ikkje kan iñupiaq. University of Alaska Anchorage har fleire nivå for språklæring.[15]

I 2017 skipa ei grasrotgruppe av folk som lærte iñupiat Iḷisaqativut, eit tovekers språkkurs i fleire bustadsamfunn i iñupiatregionen.[16] Den fyrste samlinga blei halden i Utqiaġvik i 2017. Det blei halden ei i Siqnasuaq iNome i 2018, og ei i Qikiqtaġruk i Kotzebue i 2019.[17]

Fleire inupiatfolk utvikla piktografiske skriftsystem tidleg på 1800-talet. Dei er kjende som Alaskan Picture Writing.[6]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Som andre inuittgrupper stammar iñupiaqfolk frå Thule-kulturen. Rundt år 300 f.Kr. vandra desse Thule-folka inn frå øyar i Beringhavet til det som i dag er Alaska.

Iñupiaqgrupper har, som andre inuittspråklege grupper, ofte eit namn som sluttar med miut. Dette tyder 'folk av'. Eit døme er Nunamiut, eit generelt omgrep iñupiaqar som jaktar karibu i innlandet. Under ein periode med svolt og ein influensaepidemi(truleg innført av amerikanske og europeisk kvalfangarar)[18] flytta dei fleste av desse til kysten eller andre delar av Alaska mellom 1890 og 1910. Fleire av desse nunamiutane vende tilbake til fjella på 1930-talet.

I 1950 hadde dei fleste nunamiutgruppene, som killikmiut, slått seg ned saman i Anaktuvuk Pass, ein landsby i nord-sentrale Alaska. Nokre nunamiutar fortsette nomadelivet til 1950-talet.

Forløparane til Iditarod Trail var stiane til dena'ina- og deg hit'anfolk, som var athabaskisktalande urfolk, og inupiaqfolk.[19]

Næring[endre | endre wikiteksten]

Iñupiatfamilie frå Noatak i Alaska i 1929, fotografert av Edward S. Curtis

Iñupiatfolk har tradisjonelt levd av jakt og sanking, i likskap med dei fleste andre arktiske folkeslaga. Iñupiatfolk har fortsett å livnæra seg av jakt og fiske. Etter bustad kan dei jakta på kvalross, sel, kval, isbjørn, reinsdyr og fisk. Både innlandsgrupper (nunamiut) og kystgrupper (taġiumiut, t.d. tikiġaġmiut) lever i stor grav av fisk. Avhengig av årstid kan dei også leva av and, gås, kanin, bær, røter og planteskot.

Innlands-iñupiatfolk kan også jakta på karibu, tynnhornsau, grizzlybjørn og elg. Kyst-iñupiatfolk kan jakta på kvalross, selar, kvitkval og grønlandskval. Ein kan også jakta på isbjørnar.

Fangst av ein kval kjem alle medlemmane av eit iñupiatsamfunn til gode, ettersom dyret blir partert og kjøtet og spekket delt ut etter ei tradisjonell ordning. Også slektningar som bur langt unna har rett på ein del av ein kval jegerar i landsbyen til forfedrane deira har drepe. Maktak, som er det skinnet og spekket til grønlandskval og andre kvalar blir kalla, er rik på A- og C-vitamin.[20][21] C-vitamininnhaldet i kjøt blir øydelagt om ein varmebehandlar det, så det er ein helsemessig fordel å eta denne maten rå for ein folkesetnad med liten tilgang på frukt og grønsaker.

Kvalrosstøyttenner av elfenbein og bardane til grønlandskvalar blir også nytta til å laga kunst. Bruken av desse sensitive materiala følgjer med praksisen med å nytte alt frå dyr ein har felt. Det finst vernande retningsliner for fangst av kvalross og kval.[22]

Iñupiatfolk et fleire ulike bærtypar og kan blanda dei med talg til ein tradisjonell dessert. Dei kan også blanda bæra med nyper og ein type krossved, Viburnum trilobum, og koka dei til ein sirup.[23]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Teppekast under ein nalukataq i Utqiaġvik

Iñupiatfolk har både levd nomadiske og bufaste liv. Nokre landsbyar i buområdet deira har vore folkesette i over 10 000 år.

Iñupiat Ilitqusiat er eit sett verdiar som definerer iñupiatfolk. Ho blei laga av eldre i Kotzebue i Alaska,[24] men liknande verdiar er også blitt uttrykte av andre iñupiatsamfunn.[25][26] Verdiane omfattar respekt for eldre, hardt arbeid, jaktlukke, familieroller, humor, respekt for naturen, kjennskap til slektstreet, respekt for andre, deling, kjærleik for barn, samarbeid, konfliktunngåing, ansvar for stammen, beskjedenheit og andelegheit.[24]

Det finst eit institutt for høgare utdanning knytt til iñupiatkultur, Iḷisaġvik College i Utqiaġvik.

Nalukataq er ei vårhøgtid knytt til kvalfangst blant iñupiatfolk. Høgtida feirer tradisjonell kvalfangst, og ærer ånda til kvalen som gav kroppen sin for å fø heile landsbyar. Kvalånda blir æra av dansegrupper frå heile nordområdet, som framfører songar og dansar. Ved denne feiringa er teppekast ein viktig aktivitet.[27]

Studentar frå Iḷisaġvik College med den amerikanske senatoren for Alaska, Lisa Murkowski.

Nyare saker[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1970-talet har petroleum og liknande ressursar vore ei viktig inntektskjelde for iñupiatfolk. Alaska Pipeline bind saman oljebrønnane i Prudhoe Bay med hamna i Valdez i sørlege-sentrale Alaska. Oljeboringa nord i Alaska har på den andre sida kome i konflikt med tradisjonell kvalfangst.[28]

I nyare tid har iñupiatfolk blitt stadig meir uroa over at global oppvarming kan medføra klimaendringar som truger det tradisjonelle levesettet deira. Den varmande trenden i Arktis påverkar livsstilen deira på fleire måtar, til dømes ved at sjøisen blir tynnare,[29] slik at jakt på grønlandskval, sel, kvalross og andre tradisjonelle matkjelder blir vanskelegare ettersom det kan endra migrasjonsmønstera deira som følgjer isstraumar og gjera det farlegare for folk å ferdast på isen; varmare vintrar gjer reiser farlegare og mindre føreseielege ettersom det blir danna fleire stormar; når sjøis blir danna seinare aukar sjansen for meir flaum og erosjon langs kysten ettersom det medfører ein auke i hauststormar, noko som direkte truger mange kystlandsbyar.[30] Inuit Circumpolar Council, ei gruppe som representerer arktiske urfolk, har hevda at klimaendringar representer eit trugsmål mot menneskerettane deira.[31]

Ved folketeljinga i 2000 var talet på iñupiatfolk i USA over 19000. Dei fleste av dei budde i Alaska.

Iñupiat Nunaat (iñupiatområde)[endre | endre wikiteksten]

Kart over Alaska med North Slope Borough utheva

North Slope Borough: Anaktuvuk Pass (Anaqtuuvak, Naqsraq), Atqasuk (Atqasuk), Utqiaġvik (Utqiaġvik, Ukpiaġvik), Kaktovik (Qaaktuġvik), Nuiqsut (Nuiqsat), Point Hope (Tikiġaq), Point Lay (Kali), Wainwright (Ulġuniq)

Kart over Alaska med Northwest Arctic Borough utheva

Northwest Arctic Borough: Ambler (Ivisaappaat), Buckland (Nunatchiaq, Kaŋiq), Deering (Ipnatchiaq), Kiana (Katyaak, Katyaaq), Kivalina (Kivalliñiq), Kobuk (Laugviik), Kotzebue (Qikiqtaġruk), Noatak (Nuataaq ), Noorvik (Nuurvik), Selawik (Siilvik, Akuligaq ), Shungnak (Isiŋnaq, Nuurviuraq)

Kart over Alaska med Nome Census Area utheva

Nome Census Area: Brevig Mission (Sitaisaq, Sinauraq), Diomede (Iŋalik), Golovin (Siŋik), Koyuk (Kuuyuk), Nome (Siqnazuaq, Sitŋasuaq), Shaktoolik (Saqtuliq), Shishmaref (Qigiqtaq), Teller (Tala, Iġaluŋniaġvik), Wales (Kiŋigin), White Mountain (Natchirsvik), Unalakleet (Uŋalaqłiq)

Kjende iñupiatfolk[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Inupiaq [Inupiat] - Alaska Native Cultural Profile». Arkivert frå originalen 29. august 2017. Henta 14. september 2015. 
  2. «Alaska Native Tribes – tribal territories map and Info links». www.kstrom.net. 
  3. «IC_Lateral2». Lateral. 2018. 
  4. «Alaska Natives Peoples Native Indians Eskimos». 
  5. «Inupiaq – Festival of Native Arts». 
  6. 6,0 6,1 6,2 Inupiaq (Inupiat)—Alaska Native Cultural Profile. Arkivert 2014-08-21 ved Wayback Machine. National Network of Libraries of Medicine. Henta 4. desember 2013.
  7. Frederick A. Milan (1959), The acculturation of the contemporary Eskimo of Wainwright Alaska
  8. Johnson Reprint (1962), Prehistoric cultural relations between the Arctic and Temperate zones of North America
  9. "Inupiat." Alaska Native Arts. Retrieved 26 July 2012.
  10. 10,0 10,1 10,2 MacLean, Edna Ahgeak (15. oktober 2014). Iñupiatun Uqaluit Taniktun sivuninit = Iñupiaq to English dictionary. Fairbanks, AK. ISBN 9781602232341. OCLC 908390136. 
  11. The Alaska native reader : history, culture, politics. Williams, Maria Sháa Tláa. Durham: Duke University Press. 2009. ISBN 978-0822344650. OCLC 294887695. 
  12. «Nikaitchuat Ilisagviat : Programs : Native Village of Kotzebue / Kotzebue IRA». www.kotzebueira.org. Henta 21. oktober 2019. 
  13. Edmison, Nicole (20 May 2021). «Kotzebue elementary school works to better incorporate Iñupiaq culture in classrooms». KTOO Public Media. Henta 2 December 2021. 
  14. Phillips, JoJo (22 May 2020). «First Iñupiaq Language Class Coming to Nome Public Schools Starting This Fall». Knom Radio Mission. Knom Radio Mission, Inc. Henta 2 December 2021. 
  15. «Alaska Native Studies (AKNS) < University of Alaska Anchorage». catalog.uaa.alaska.edu. Henta 21. oktober 2019. 
  16. «Program». Iḷisaqativut (på engelsk). Arkivert frå originalen 22. oktober 2019. Henta 21. oktober 2019. 
  17. «Media». Iḷisaqativut (på engelsk). Henta 21. oktober 2019. 
  18. Bockstoce, John (1995). Whales, Ice, & Men: The History of Whaling in the Western Arctic.
  19. The Iditarod National Historic Trail/ Seward to Nome Route: A Comprehensive Management Plan, March 1986. Prepared by Bureau of Land Management, Anchorage District Office, Anchorage, Alaska.
  20. Geraci, Joseph R.; Smith, Thomas G. (June 1979). «Vitamin C in the Diet of Inuit Hunters From Holman, Northwest Territories» (PDF). Arctic 32 (2): 135. doi:10.14430/arctic2611. 
  21. «Vitamin C in Inuit traditional food and women's diets». cat.inist.fr. Arkivert frå originalen 26. november 2010. Henta 25. september 2022. 
  22. «Marine Mammal Management». Fish & Wildlife Services. Arkivert frå originalen 4. oktober 2019. Henta 21. oktober 2019. 
  23. Jones, Anore, 1983, Nauriat Niginaqtuat = Plants That We Eat, Kotzebue, Alaska. Maniilaq Association Traditional Nutrition Program, page 105
  24. 24,0 24,1 «Iñupiat Ilitqusiat». www.ankn.uaf.edu. Henta 22. oktober 2019. 
  25. «Mission & Values | Sitnasuak Native Corporation | Nome, Alaska». Sitnasuak Native Corporation. Henta 22. oktober 2019. 
  26. «Our Values / NWABSD Values». http (på engelsk). Henta 22. oktober 2019. [daud lenkje]
  27. Robinson, Elizabeth (2018). «Dancing in the air, standing out at sea: An analysis of Nalukataq, the blanket toss» (på engelsk). 
  28. Mouawad, Jad (December 4, 2007). «In Alaska's Far North, Two Cultures Collide». New York Times. 
  29. «Alaska's Changing Environment». International Arctic Research Center (på engelsk). Henta 22. oktober 2019. 
  30. «Record Low Bering Sea Ice Causes 'Natural Disaster' for Alaskan Communities». EcoWatch (på engelsk). 7. mai 2018. Henta 22. oktober 2019. 
  31. Canada, Inuit Circumpolar Council (10 December 2003). «Climate Change in the Arctic: Human Rights of Inuit Interconnected with the World | | Inuit Circumpolar Council Canada» (på engelsk). Henta 22. oktober 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Heinrich, Albert Carl. A Summary of Kinship Forms and Terminologies Found Among the Inupiaq Speaking People of Alaska. 1950.
  • Sprott, Julie E. Raising Young Children in an Alaskan Iñupiaq Village; The Family, Cultural, and Village Environment of Rearing. West, CT: Bergin & Garvey, 2002. ISBN 0-313-01347-0
  • Chance, Norman A. The Eskimo of North Alaska. Holt, Rinehart and Winston, 1966. ISBN 0-03-057160-X
  • Chance, Norman A. The Inupiat and Arctic Alaska: An Ethnology of Development. Holt, Rinehart and Winston, 1990. ISBN 0-03-032419-X
  • Chance, N.A. and Yelena Andreeva. "Sustainability, Equity, and Natural Resource Development in Northwest Siberia and Arctic Alaska." Human Ecology. 1995, vol 23 (2) [June]